Bok

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.
Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.
Publisert

Etter at Karin Haugane (f. 1950) i essaysamlinga Språk og erfaring (2020) openberra eit familietraume – far hennar skaut mora og seg sjølv – er det vanskeleg ikkje å lese Kråkesang i lys av den tragedien. I Hauganes forfattarskap har denne traumatiske hendinga forståeleg nok sett djupe spor, og det finst avtrykk av ho alt i debutboka, Rester av glemsel (1989).

Å vere deltakar i, og berar av, ei vond og grufull familiehistorie, og deretter vitne om ho, er også lagnaden til Anna Bergmann, gjennomgangsfiguren i den lyrisk forteljande diktboka Kråkesang. Hjelp til å vitne, ikkje minst om mora Marias vonde og smertefulle lagnad, verkar det som Anna får frå Kråka, som her og der bryt inn og ytrar seg. Kråka talar fritt – på dialekt og folkeleg mål – og er ein tvitydig varslar- og sannseiarfigur.

Opp gjennom historia har kråkefuglen vore knytt til gudane, men i kristendommen også til djevelen og mørket. Det er ein høglydt skrikande fugl som i folketrua og i litteraturen har vore knytt til forderving og død.

Overgrep

Anna blir tidleg råka av eit overgrep frå «Dytteren» som far hennar ser ut til å vite om, utan at han grip inn. Og tilhøvet mellom faren og mora Maria er tidvis vanskeleg og prega av sjalusi og vald: «Bergmanns hender river i mors hår/ Mørkt fall, han drar dotter ut av min vår// Han smerter mamma: Hore, kjenn ditt svik/ Gift renner i stemmens grove spas og spit». Seinare får ein også høyre at faren, Bergmannen, skyt mora og seg sjølv.

Det er ein heilt særeigen mytisk og forheksande dåm over språkføringa i Kråkesang. Ja, tekstane teiknar opp eit svermande, nesten eventyrliknande univers, der lesaren blir trekt i retning av folkevisa, balladane og steva. Denne tendensen toppar seg i den lange sekvensen «Anna Bergmanns drømmedikt», ein visjon som har trekk frå «Draumkvedet». Kanskje er dette traumestoffet det vert fortalt om, så ekstremt smertefullt og komplisert at det berre kan handsamast i forma og språket til noko som minner om, og vev seg inn i, folkediktinga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement