Bok

Drivande god

Biltur utan retning blir litteratur med stødig veggrep.

Helle Helle har fått ei rad prisar for forfattarskapen sin etter debuten i 1993.
Helle Helle har fått ei rad prisar for forfattarskapen sin etter debuten i 1993.
Publisert

Ramma for handlinga i Helle Helles Hafni forteller er triviell: Etter ei skilsmisse reiser Hafni på biltur rundt på dei danske øyene, ho har planen klar for kvar ho skal stanse, og kva ho skal sjå. Men det blir ikkje som tenkt. Det er jo vitalt for ei handling. Saka er at uansett kor festleg usymmetrisk sjølve ferda blir, er det er dei litterære grepa som tar oss med på ei reise.

Vi er tydelegvis inni ein litterær stim der forteljarstemma skal utfordrast. Eg har lese romanar i det siste der eg må myse for å skjøne kven som snakkar til kven. Nokre forteljarstemmer snakkar til eit du, i andre bøker er det trea i skogen som talar, og Helle Helle skapar eit scenario der hovudpersonen snakkar til forteljaren i telefonen om reisa si. Vi blir aldri kjende med personen i andre enden av røyret.

Etter litt uklarleik kjem eg raskt på sporet og godtar metoden. Der andre etter samlivsbrot kan bruke tida i telefon til ei venninne på å vere lite artikulert deprimert («akk» og «okk» og repetisjonar av desse), skriv Helle ei feiande flott og drivande historie der både forfall og gjenreising pregar hovudpersonen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement