Musikk
Dylan, kveld for kveld
Korleis nærme seg ei utgiving som rommar 27 plater med konsertopptak?
Bob Dylan på scenen med The Band. Levon Helm på trommer.
Foto frå boka
Datoen er 4. januar, året er 1974, og Bob Dylan framfører «Nobody ’Cept You» i Chicago, på det som er den andre av 40 stadionkonsertar den vinteren. Det er åtte år sidan sist han stod på ein scene, og det sitrar i publikum, i møte med ein song ingen har høyrt før.
Eg lyttar, og kjem til å tenkje på den utrøyttelege Dylan-kronikøren Paul Williams’ entusiastiske gjennomgang av opptak han hadde fått tak i frå turneen i ei bok som kom ein gong på 1980-talet. Sjølv hadde eg berre den offisielt utgivne dobbelplata Before the Flood (1974) som dokumentasjon, medan Williams var ein av desse folka som hadde funne vegen til alskens piratopptak frå alle tider – og ifølgje han var akkurat denne versjonen av «Nobody ’Cept You» heilt fenomenal.
Og det er han jo, det kan eg høyre, alle desse åra seinare, når Sony i dag gir ut heile 431 songar på 27 CD-plater frå turneen og gir meg den tilgangen som ein gong var så eksklusiv for slike som Williams. Kva hadde tenåringsutgåva av meg sagt om han såg meg sitje her med alt dette materialet mellom hendene?
Julekveld i stova
Historia om 1974-turneen har vore fortald mange gonger. Dylan og The Band rasar gjennom songane med ein uhyrleg energi, med noko som liknar hastverk, og tidvis, særleg dei gongene Dylan står på scenen åleine, med noko som kan likne sinne.
Eg har alltid vore særleg glad i det akustiske solomaterialet på Before the Flood, og med dette får eg rikeleg meir av det, i versjonar eg før berre har lese om, eller, etter at det vart mogleg, kome over på YouTube. Her er «Wedding Song», ein song som ikkje enno var ute på Planet Waves, som var rett rundt hjørnet, og her er songar som berre vart framførte ein einaste gong på turneen, som «Desolation Row», «4th Time Around» og «Ramona». Det er klart det er julekveld i stova, både for meg og for det som er att av tenåringen i meg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.