Bok
Dyra kjem best ut
Martine Jonsrud skriv godt, men kan jobbe litt med logikken.
Debutanten Martine Jonsrud er utdanna kulturvitar og var i fleire år kultur- og kommunikasjonsrådgjevar ved den norske ambassaden i London.
Foto: Jan Tore Eriksen
I min ungdom hadde eg mus, rotter, ørkenrotter, hamsterar, marsvin, kaninar, fuglar og mange kattar. Ja, og ein hest. Det er ikkje vanskeleg for meg å interessere meg for jobben til hovudpersonen Minken i Martine Jonsruds debutroman Juni, juni: i ein dyrebutikk. Scenene som blir skildra herifrå, er òg dei mest levande, sjølv om dei er få.
Det eigentlege
Minken er 33 år og i ein periode i livet der ho slit med svevnen og med å finne ro og sin plass i verda. På overflata verkar ho som eit oppegåande menneske, som rett nok har vanskar med å få kontakt med kjenslene sine og dermed føyser mykje bort. Ho går til psykolog. Ho er omgitt av barndomsvenninna Merete, mor si, ein kjærast ho er middels interessert i, og nokre vener av han. Og av alle dyra, då, og tankane om dyrevelferd.
Debutanten skriv ut eit univers som er lett å følge, i eit liketil og replikkbasert språk. Eg veit likevel ikkje om eg synest universet er interessant, eller konsistent. I kvardagslivet som utspeler seg, har mora fått endå ein ny kjærast, venninna Merete blir gravid, det er nokre festar og samkomer, og Merete og Minken møtest i parkar og på kafé. Eg oppfattar at det som eigentleg går føre seg, hender i rommet mellom det Minken får til, og det ho ikkje får til. Problemet er at dette rommet er ganske spinkelt.
Terapeuten kunne ein tru var parodisk teikna, der ho ber Minken inngå i rollespel, bygge med Lego og skrive i ei bok om nettene om alt ho tenker på når ho ikkje får sove. Men eg blir ikkje overtydd om ironien. Minken protesterer rett nok på mykje av dette, men for meg seier teksten mest at Minken er ei litt avstengd, tøff-i-trynet-kvinne som verkeleg har noko hos terapeuten å gjere, men som vegrar seg. «– Noen ganger kobler vi ut fordi vi ikke tør kjenne på det vi egentlig føler, sier hun. – Sikkert, sier jeg.»
Påstand og løysing
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.