Bok

«Eg var vel klok som fann deg»

Sitatet kunne ha vore ein treffande tittel på denne brevsamlinga, som er historia om ein uvanleg tett og givande, men ikkje uproblematisk venskap.

Astrid Lindgren og Louise Hartung møttest ofte på reiser. I 1966 opna Astrid Lindgren ein barneskule som var kalla opp etter henne, i Berlin.
Astrid Lindgren og Louise Hartung møttest ofte på reiser. I 1966 opna Astrid Lindgren ein barneskule som var kalla opp etter henne, i Berlin.
Publisert

«Ich war wohl klug, dass ich Dich fand» er tittelen på korrespondansen mellom Heinrich Christian Boies og Louise Mejer i åra 1877–1885, ei bok som den tyske kvinna Louise Hartung tykte mykje om og sende til Astrid Lindgren i fleire utgåver. Astrid refererte ofte til tittelen i breva til Louise, som eit teikn på kor klok – eller heldig – ho hadde vore som hadde funne denne jamgamle veninna midt i livet.

Astrid og «Louisechen meinchen», som Astrid kalla Louise i breva, trefte kvarandre i november 1953, då Louise Hartung hadde invitert Astrid til Berlin for å snakke om bøkene sine. Louise arbeidde i Berlins Jugendamt (barne- og ungdomsforsorga), som tok seg av kriseråka, traumatiserte tyske born etter verdskrigen, og som mellom anna skulle freiste å «av-nazifisere» dei og gje dei sunne, demokratiske idear som det unge Etterkrigs-Tyskland kunne byggje på. Louise Hartung meinte at Astrid Lindgrens bøker måtte vere som skapte for dette føremålet.

Møtet i Berlin blei byrjinga ikkje berre på eit fagleg samarbeid, men på ein livslang venskap, som stort sett måtte falde seg ut per brev. Dei såg kvarandre knapt ein gong i året, på korte bilturar i Tyskland, i Berlin, på Ibiza, der Louise kjøpte eit hus, eller i Stockholm. Begge var fullt opptekne av arbeidet sitt og hadde stramme timeplanar. I åra fram til Louise Hartung døydde i februar 1965, skreiv dei til kvarandre to–tre gonger i månaden, over 600 brev, som no er redigerte og utgjevne.

Politikk og kjærleik

Brevvekslinga er både eit til tider hudlaust, personleg dokument om to sterke, intelligente kvinner, ei politisk, sosial og kulturell krønike frå den nære fortida vår, og historia om to kvinner der den eine ynskte eit lidenskapeleg kjærleikstilhøve, medan den andre var avgjort heterofil. Konflikten mellom dei på dette punktet er ein av dei såre undertonane i breva, og noko dei stadig vende attende til.

Av dei interessante emna dei elles diskuterer, er den tyske sensurens syn på Astrid Lindgrens bøker. Somme meinte at det var for mykje vald i Pippi Langstrømpe-bøkene, og at skapnadene i Mio min Mio (1954) var skremmande for tyske barn som hadde opplevd krig og terror. Louise forsvarer bøkene med at dei framfor alt handlar om kjærleik. Ho er òg sterkt oppteken av tysk lovgjeving, som gjer at mødrer til barn fødde utanfor ekteskap ikkje er verje for sin eigne ungar, og at borna heller ikkje arvar faren.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement