Bok

Ei av våre største

Dette er klassisk novellekunst som bør lesast av stadig nye generasjonar.

Torborg Nedreaas (1906-1987) rekna seg først og fremst som novellist.
Torborg Nedreaas (1906-1987) rekna seg først og fremst som novellist.
Publisert Sist oppdatert

Kropp og krig

Torborg Nedreaas legg ikkje fingrane imellom når ho skriv fram ukorrekte møte mellom okkupant og okkupert.

Torborg Nedreaas (1906­–1987) er i vinden. Ein teaterversjon av abortromanen Av måneskinn gror det ingenting frå 1947 går på Den Nationale Scene i Bergen, og Aschehoug kjem med ei samling av novellene hennar. Dette er klassisk novellekunst som bør lesast av stadig nye generasjonar. Kanskje særleg i ei tid då tidsånda på ny ser ut til å dreie mot svartkvitt-tenking, minner desse ganske så politisk ukorrekte tekstane oss om kor samansett og uføreseieleg menneskesinnet er.

Årets bok hentar noveller frå tre av samlingane til Nedreaas. Eit fleirtal er frå Bak skapet står øksen frå 1945. Dei tematiserer dei fem åra då fleire hundre tusen soldatar frå ei framand makt heldt til i landet vårt. Framande unge menn! Det er det som oppstår mellom desse og dei norske kvinnene, forfattaren skildrar så uvanleg fritt for skuggeredsle. Kva skjer når drifter og lyster får spele seg ut på tvers av fiendskap og krig?

Å vere ukorrekt

Mange har skrive om uretten «tyskarjentene» vart utsette for i tida etter frigjeringa. Nedreaas tar opp dette på klårøygd vis i «Gjengjeldelsens lov». Motstandskvinna som nektar å vere med på skamklippinga, er den klart mest rakrygga karakteren her.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement