Bok
Ei eigenrådig elv
Einar Stenseng har ei forteljarstemme som er freidig, original og levande.
Einar Stenseng er forfattar, vokalist, musikar og låtskrivar, busett i Oslo.
Foto: Ingrid Pop
Eg har aldri forstått korleis lesarar orkar å tråkle seg gjennom draumar i bøker. Dei blir gjerne skildra over lange strekk og skal ideelt sett representere eit dobbelt lag for hovudpersonen. Dei skal vel «kaste lys» over situasjonen, frå ein ubevisst ståstad. Kvar gong eg finn at eg står med begge beina i ein litterær draum, begynner eg å flakke med blikket og skummar gjennom.
Andre sine draumar kan gjerne more og angå meg, men slett ikkje dei fiktive. Eg går ganske enkelt ikkje med på å konstruere draumar; dei er nøydde til å vere autentiske, skal dei telje. Dermed er det med fryd eg les denne setninga frå Einar Stensengs Ute: «Hun drømmer, men som kjent mister man lesere av å gjenfortelle drømmescenarioer, så jeg lar det ligge.»
Utagerande livsførsel
Som ein ser av skrivestilen, er Stenseng ein forfattar som kommenterer sin eigen skriveprosess. Eg-personen er forfattaren, eller den implisitte forfattaren (forteljaren), som det heiter på fint, mens dei andre personane blir omtalte frå denne ståstaden. På same tid er det som om personane lever livet sitt der ute uavhengig av forfattaren, at han liksom berre har snubla over dei: «Se, der kommer han, det må vel være ham, som går over plassen med skandinavisk ganglag.»
Han som kjem, er Mogens, ein dansk poet som no har fått boka si omsett til tysk og er på lanseringsturné i byen Linz i Austerrike. Med seg på ferda har han forlagsassistenten Ute, desse to innleier òg eit seksuelt forhold desse dagane. Ute sjølv er konstant på byen annakvar veke, når ho ikkje har sonen Hannes. Det går i alkohol, kokain og sex, i generell utagerande livsførsel, til liks med mange andre i romanens kunst- og forlagsbransje.
Kontroll over stoffet
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.