Ei sporvogn til Linn Skåber

Slagferdig standuphumor truar krafta i dramaet.

Linn Skåber som Blance, Nils Jørgen Kaalstad som svogeren og Stine Fevik som systera i stykket som går på Oslo Nye Teater.
Linn Skåber som Blance, Nils Jørgen Kaalstad som svogeren og Stine Fevik som systera i stykket som går på Oslo Nye Teater.
Publisert

Tennessee Williams er kan hende den dramatikaren som leverte dei aller største teaterklassikarane i førre hundreåret. Sporvogn til begjær er framleis eit av dei mest populære stykka hans. Det appellerer sterkt den dag i dag, for kven kjenner seg ikkje att i lengten etter det reine og vakre, i konfrontasjonane med det rå og stygge? At det å leve i dette spennet kan føre til både tvangstankar og galskap, er faktisk lett forståeleg, sjølv om stykket nok er prega av å vere 70 år gamalt.

Datert

Rollefigurane og dialogane er jo sylskarpt forma, men nett av di omsetjaren og regissøren no har prøvd å gi teksten ein notidig schwung, merkar vi berre tydelegare det daterte i stykket. Det gjeld òg den rocka, stiliserte scenografien. Skal tru om ikkje stykket overlever betre som det er, eller som det var?

Den kraftfulle og sjarmerande skodespelaren Linn Skåber skulle ha gode føresetnader for å spele Blanche Dubois, ei rolle minst like ettertrakta som frøken Julie og Hedda Gabler. Utfordringa med rolla ligg nok mest i kontrasten mellom den muntert, tørrvittige konversasjonen hennar og dei affektert poetiske monologane ho bikkar over i. Linn Skåber trivst openbert best i det slagferdige hjørnet, i den grad at denne Blanche faktisk blir hakket for tøff.

Rett nok finst det mange deprimerte menneske som dekker seg bak det å vere morosam, men slik det no er, tek det for lenge før vi ser livsløgna og det paniske forsvaret til kvinna Blanche. Og publikum ler storfornøgd av Linn Skåbers «one-liners», nokre av dei heilt klårt nye i manuset. Når ho flørtar på tullefransk og seier «Voulez-vous coucher avec moi?» og halvforfører ein ung gut ved å kalle han «lammelåret mitt», er det heller lett gjennomskodeleg publikumsfrieri – og ikkje Tennessee Williams. Først heilt mot den katastrofale slutten finn Skåber ein balanse i rolla som gir oss noko av gyset vi har venta på. Men mange i salen held fram med å le og trur det er komedie.

Dramatisk utydeleg

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement