Eigenmelding ved 80
Å arbeide med ord er smedarbeid. Smeden skyv ord inn i essa, gløder dei, smir dei til språkgull.
Kjartan Fløgstad fylte 80 år 7. juni.
Foto: Julie Pike
Kjartan Fløgstad er 80 år. I snart 60 av dei forfattar, og utan statleg støtte, som han sjølv skryter litt av. Jubilanten har fått mange utmerkingar, om ikkje med eikelauv, så med stempel, vimpel, buskspel og latter, frå mange av oss i folkedjupet. Virtuost har det vore, ikkje minst romanforfattarskapen. Arbeidarklasse-solidarisert tenking artikulert av ein ordekvilibrist.
Han trykte ein gong «Plan for døgn- og heilkontinuerleg skiftarbeid» i ei novellesamling. Det var forresten frå den novellesamlinga, etter novella «Riksvegen vestover», eg melde overgang frå Louis Masterson til K. Fløgstad.
Sidan har han gått sine skift, skrive for lek og lærd, vore høgt og lågt, og snudd under opp, som betyr å vende emnet opp ned. Her og der synt fram sprekkar i monolitten.
Jubileumsboka Skriftarbeid. Artiklar i utval, er vigd dei siste 25 åra av sakprosaforfattarskapen, og dermed tida frå han var 55 til no, tekstar med erfaring. Det er betalt skrift, i høve dette og hint, artiklar, essay, bokmeldingar, for- og etterord i andre sine bøker, talar, debattinnlegg, ord til utstillingsopningar, i festskrift. Her er og dikt og nekrologar, minneord i ei gravferd, ei omsetjing, ein lyrisk prolog. I alt 83 tekstar presenterer boka oss for, inkludert forfattarens eiga innleiing og sluttord, som klart må reknast med. Når det er så nær, spør eg: Kvifor ikkje 80? Det ville vore lett luking.
kvart latino
Han har hatt begge beina på venstresida og alltid ein finger med i spelet, vår Fløgstad. Kven har ei setning frå Kapitalen som epigraf i ei bok i dag? Men han hadde det, i Pampa Unión i 1994, reiser i Latin-Amerika, den andre heimen hans. Det er 30 år sidan og kjennest som eit halvt liv: «Arbeidet til den fattige er gruva til den rike.» Han gjentek denne setninga til Marx i den nye boka, i essayet «Kiruna kollaps» frå 2013.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.