Film
Ein affære å styre unna
Begjærets dunkle mål kjem ikkje godt nok fram i dette vaklande irske dramaet.
Jim (Murphy) og Yvonne (Walker) er gifte på kvar sin kant, men har eit forhold.
Foto: Another World Entertainment
Her er ein film som vil seie noko om utruskap, men som slit med å artikulere kvifor begjæret utanfor ekteskapets trygge rammer er så destruktivt appellerande. Kjærlighetens sesonger er ein rotete film om utruskap i den irske middelklassen. Jim (Murphy) og Yvonne (Walker) innleier eit forhold på tvers av ekteskapa. Yvonne søker seg vekk frå ein sint, valdeleg ektemann. Jim ser berre ut til å kjede seg.
Sniking
Spenninga i dramaet lener seg tungt på hemmeleghaldet og snikinga mellom knirkete hotellsenger og kvardagslivet på heimebane. Men alt her begynner plottet å gå i stå. Det finst lite, eller inga, moralsk utforsking av kva affæren gjer med karakterane. Særleg Yvonne framstår som ein grunn figur. Eg veit ikkje om det er skodespelet eller manuset som gjer henne så flat og livlaus. Eg vil seie litt av begge delar.
Keitete regi
Cillian Murphy blæs litt meir liv i Jim, men i møte med keitete regi og teatralsk dialog kan heller ikkje han redde filmen. Andrew Scott, sist sett som prest i den geniale situasjonskomedien Fleabag, speler den valdelege ektemannen Chris. Interessant nok endar han opp som filmens mest sympatiske karakter. Det var nok neppe intensjonen, men historia hans endar på langt meir verdig vis enn historiene til hovudkarakterane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.