Film
Ein belgisk tragedie
Altfor mange Hollywood-ingrediensar får dominere i denne rotete kjærleikshistoria.
Overklassejenta Bibi møter bankranaren Gigi og søt musikk oppstår.
Foto: Storytelling Media
Gigi (Schoenaerts) er bankranaren som voks opp på ungdomsanstalt saman med andre lause fuglar. Bibi (Exarchopoulos) er overklassejenta som køyrer racerbilløp og har alt: pengar, prestisje, skjønnheit. Alt dette har også Gigi – berre at han lyg om, vel, alt. I ei scene er dei to ute på landevegen i Bibis Porsche 911. Ho har mistanke om at han har ureint mjøl i posen, men avhøyret stoppar like fort som ho blir stoppa for råkøyring. Eit bryllaup er på trappene.
Gigi skal berre gjennomføre eit siste brekk først. Eg trur ikkje eg avslører for mykje når eg seier at dette ikkje går heilt etter boka. Og det er berre starten på nedturen for alle involverte. Det er ikkje grenser for kor ille det går med hovudpersonane, kor uheldige dei er, kor destruktive dei er overfor kvarandre. Kjærleiken gjer blind, og dette er ei kjærleikshistorie av den tragiske sorten. Hadde filmen halde seg sterkare til dette melodramaet og freista seie noko sant om livet, kunne eg kanskje falle for forteljinga. Som resultatet har blitt, heng ikkje historia på greip.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.