Musikk
Ein gong til, folkens
Ein ny dokumentarfilm går bak kulissane den kvelden «We Are the World» vart spelt inn.
Den 28. januar 1985 samla nokre av dei mest populære musikarane i USA seg i eit studio i Los Angeles for å spele inn «We Are the World».
Foto frå filmen
Han ser bra plaga ut, Bob Dylan, i opptaka frå A&M-platestudioet i Los Angeles i The Greatest Night in Pop. I filmen som inviterer sjåaren inn bak kulissane idet ein haug med superstjerner samlar seg for å spele inn «We Are the World», vert det fortalt at Dylan kjende seg ukomfortabel fordi han ikkje heilt visste korleis han skulle syngje sine verseliner – før Stevie Wonder fekk han til å slappe av.
Slike underhaldande anekdotar er det fleire av i denne filmen, som detaljert skildrar korleis mange av dei mest funklande stjernene på den amerikanske popstjernehimmelen kom saman 28. januar 1985, rett etter at The American Music Awards hadde gått av stabelen (og fleire av dei dermed likevel var i byen). Inntektene frå salet av singelen gjekk til å redde liv i eit akutt svelteramma Etiopia – «We Are the World» selde meir enn 20 millionar eksemplar og skaffa meir enn 60 millionar dollar til saka.
Initiativ frå Belafonte
Bao Nguyens film, som for tida er å sjå på Netflix, mimrar rundt innspelinga, med Lionel Richie i rolla som forteljar. Initiativet til «We Are the World» kom først frå Harry Belafonte, som fann inspirasjon i den direkte forløparen, «Do They Know It’s Christmas», der britiske artistar nokre veker før hadde samla seg på same måte. Kunne ikkje ein amerikansk variant vere ein god idé? Belafonte tok kontakt med Ken Kragen, ein av desse typane med mange roller og stort nettverk i musikkbransjen, og han fekk med Richie. Produsentguruen Quincy Jones kom inn, og Michael Jackson, som skreiv songen saman med Richie.
Dette er ikkje den første detaljerte omtalen av timane stjernelaget var i studio, og utover dei konkrete hendingane som førte fram til songen, er det lite kontekstualisering. Richies entusiasme og nostalgi rammar filmen inn og er indikativ. Dette er ei feiring av det som i realiteten vel neppe er «den største kvelden i pophistoria», og kritiske perspektiv rundt denne typen humanitære initiativ, som det jo skulle verte fleire av, finn du ikkje her. Heller ikkje Greil Marcus’ kommentar om at songen minte om ein Pepsi-reklame.
Fleire lesarar vil hugse musikkvideoen godt, og filmens store styrke er utan tvil arkivopptaka frå studioet, som tidvis har stor underhaldningsverdi. Jones hadde hengt eit skilt på inngangsdøra der det stod «Check your ego at the door». Stemninga verkar jovial nok, men det seier jo seg sjølv at ei slik opphoping av ikoniske artistar, alle vande med å vere midtpunkt i rommet, er eit risikoprosjekt. Dette tilfører The Greatest Night in Pop ei heilt eiga spenning, ein slags ladd, litt klein nervøsitet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.