Ein helt for vår tid
Taubman har skrive eit briljant og balansert verk om provinspolitikaren Gorbatsjov som dreiv fram eit av dei mest dramatiske, men òg fredelegaste skifta i russisk og europeisk historie.
Mikhail Gorbatsjov var ein tragisk helt som fortener vår forståing og vår beundring.
Slik avsluttar den amerikanske sovjethistorikaren William Taubman dei 700 boksidene sine om Mikhail Gorbatsjov, ein mann det no har vore stille om i over 25 år. Det gjer at ingen russar under 30 år, kanskje berre få europearar òg, hugsar han.
For kommunistar og mange russiske nasjonalistar er han mannen som gjorde kål på Sovjetunionen, og som derfor ikkje fortener anna enn ei nidstong. William Taubman, frå før kjend for ein monumental biografi om Nikita Khrusjtsjov, har skrive eit briljant og balansert verk om provinspolitikaren som dreiv fram eit av dei mest dramatiske, men og mest fredelege skifta i russisk og europeisk historie.
Snuoperasjon
Vel, så nådde han ikkje målet sitt, og supermakta han overtok, gjekk i oppløysing. Men før han hadde fylt 50 år, sat han i politbyrået i Kreml og såg at på denne måten kan ikkje eit land styrast. Når meir enn halvparten av leiarane meiner at det er nett slik det skal gjerast, og den nye sjefen sjølv har all si erfaring og all sin lærdom frå eit så einsretta og autoritært miljø – kor, og korleis, tek ein da fatt på snuoperasjonen?
Det mest lettvinte er å seia at Mikhail Gorbatsjov visste nokolunde kvar han skulle, men at han hadde lite aning om korleis han skulle koma seg dit.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.