Bok
Ein kinesisk Voltaire
Ai Weiwei har skrive memoarar som like mykje handlar om Kina som hans eigen familie, og om dei elendige vilkåra for ytringsfridomen.
Den kinesiske kunstnaren Ai Weiwei har skrive ei memoarbok.Den kinesiske kunstnaren Ai Weiwei har skrive ei memoarbok.
Foto: Ai Weiwei StudioFoto: Ai Weiwei Studio
Sakprosa
Kva skal vi gje til Erna Solberg når ho vert 61 år 24. februar? Eller kva skulle vi ha gjeve til Erik Solheim då han vart 67 år 18. januar? Svaret kjem til slutt i denne meldinga, som er ei melding av boka til ein kinesisk kunstnar, Ai Weiwei, som særleg driv med installasjonskunst og performance og dokumentarfilm.
Boka er ikkje ein sjølvbiografi, men meir generelt «memoarar», og ikkje berre om Ai Weiwei, men ei familiekrønike om tre generasjonar: faren hans, Ai Qing (1910–1996), Ai Weiwei sjølv (1957–) og sonen hans igjen, Ai Lao (2009–). Ho dekkjer om lag tida frå Sun Yat Sen-republikken (1911) og fram til i dag. Altså er det òg ei forteljing om det moderne og etter kvart kommunistiske (frå 1949), eller snarare det sosialkapitalistiske kinesiske diktaturet (frå 1980).
Men ikkje berre det. Kina er eit gamalt land: Tittelen 1000 års gleder og sorger viser attende til denne fortida og er ein metafor for dei fleire tusen år med gleder og sorger som speglar seg i livet til desse tre, og til dagens milliard av kinesarar.
Kunstnarfar
Først handlar boka altså om Ai Qing, frå ein landeigarfamilie som hadde pengar til å senda han til Frankrike for å verta kunstmålar (1928–1932), der både Zhou Enlai og Deng Xiaping studerte ti år tidlegare. Heimkomen vart han fengsla i seks år for å ha måla nokre bilete som Kuomintang tolka å uttrykkja kommunistsympatiar. Frå då av vart han poet og ein av Kinas mest respekterte.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.