Bok
Ein må løfte lyset
Yan Lianke skriv avslørande om det moderne Kina – og om livet til oss alle.
Yan Lianke har gjeve ut 15 romanar og ei lang rekkje novelle- og essaysamlingar. Bøkene hans er omsette til 25 språk.
Foto: Harald Medbøe
Burlesk, vittig og absurd er romanstilen hans, og han har gjort det til eit spesiale å latterleggjere byråkratisk makt og krypande, pengesnusande karrieremenneske i eit Kina som ligg langt frå oss politisk og kulturelt. Men det allmennmenneskelege er det lett å kjenne seg att i og bli rørt av – og støkt av.
I førre boka, Sprengningens krønike, om ein landsby som endar opp som superkapitalistisk millionby, gjekk kritikk av baksida av det kinesiske økonomiske underet til tider over i rein komedie. Lesaren måtte jamt trekke pusten. I den eksploderande tida som vart skildra, var all rikdom bygd på tjuveri.
Skal ein tru Yan, gjennomsyrar korrupsjon samfunnet i Kina, og det er ut av gammal tradisjon frå keisardøma (og ekteskapsordningane i det gamle samfunnet) det igjen har blitt slik: Alle fordelar og forfremjingar, alle stillingar ein kan drøyme om, har ein pris.
Samtidig er sex blitt ei kolossal makt, sal av unge jenter som yter seksuelle tenester, var her skildra som mest like vanleg som sal av sukkertøy i laus vekt i Noreg. Kvinnefrigjeringa verkar knust av mektige menns umåtelege drift etter å nyte alt.
Når gudane er døde
Åstaden for handlinga i den nye boka Dagen da solen døde er, som så ofte før, ein landsby langt frå makta i Beijing. Ein dag er sjølve det å døy blitt politikk. Alle skal kremerast, for det er ikkje jord att å gravlegge i, hevdar styresmaktene. Døden blir industri. For dei gamle blir det feil, det å førast til krematoriet, det å forlate slekta sin måte å døy på. Kroppen skal i jord. Og tradisjonen er sterk i Kina. Det nye krematoriet blir angstens eldstad. Her er utilslørt groteske skildringar av dei alvorlegaste sider ved menneskelivet, overgangen frå levande til død, til dødt – kjøtt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.