Ein mann utan grenser

DET FØRSTE. «Vangsgutane» gjorde truleg Leif Halse til den mest lesne nynorskforfattaren på 1900-talet. Hallvard Sandnes og Jostein Øvrelid skapte «Ingeniør Knut Berg på eventyr», og første heftet kom i 1943.
DET FØRSTE. «Vangsgutane» gjorde truleg Leif Halse til den mest lesne nynorskforfattaren på 1900-talet. Hallvard Sandnes og Jostein Øvrelid skapte «Ingeniør Knut Berg på eventyr», og første heftet kom i 1943.
Publisert

Hans Aarnes (56) skipa Fonna Forlag i det okkuperte Noreg. Første utgivinga var hans eiga omsetjing av Grunnlova til nynorsk. Det blei nytt opplag i 1945.

Forlagsnamnet var bygdenamnet på heimegarden på Sunnmøre. Forlaget skulle skaffe lesestoff og bruksbøker på nynorsk for store målgrupper. Til og med 2021 var det blitt 408 bøker, 67 årgangar av vekeblad, julehefte og årbøker og 124 teikneseriehefte. Tre av fire bøker var skjønnlitterære. Fonna dreiv også eigen bokhandel i Oslo 1942–77 og dotterselskapet Fonna Publishing Inc. i USA 1956–59.

Aarnes lærte seg nynorsk då han som 12-åring las romanen Brite-Per av Jens Tvedt. Han utdanna seg som kystskipper, men gjennom 50 år skreiv, redigerte og publiserte han aviser, blad og bøker i Molde, Ålesund, Bergen, Kristiansand, Skien og Oslo. Sjølv skreiv han over 30 bøker og småskrifter.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement