Bok
Ein milepåle i europeisk bokhistorie
Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.
Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.
Foto: Terje Tøgard / Orfeus
Hartmann Schedel kalla boka Chronica universalis cum figuris et imaginibus, som vi gjerne kan omsetje til Illustrert verdshistorie, men ho vert til vanleg kalla Nürnberg-krønika. Teksten er for det meste avskrift av andre bøker, men illustrasjonane sette ein ny standard og synte kva som var mogleg å gjere med det nye mediet: den trykte boka.
Luksusutgåva
Dette var den største biletboka som nokon gong hadde vore prenta, med 656 sider i eit folioformat som var litt større enn det vi kjenner som A3, illustrert med nesten to tusen tresnitt, som i luksusutgåva vart leverte ferdig handkolorerte, medan boka var bunden i permar av eik overtrekte med svinelêr med relieff og forgylling, og med hjørnebeslag og spenner av messing.
Luksusbøker var ikkje noko nytt, men trykkekunsten gjorde slik luksus tilgjengeleg for litt fleire. Forretningsideen bak Nürnberg-krønika var å selje dei trykte arka og la kjøparane sjølve stå for fargelegging og innbinding etter eigen smak og lommebok. Slik sparte ein transportkostnader og slapp å binde kapital.
Berre ein liten del av opplaget vart kolorert og innbunde av utgjevarane sjølve, og desse eksemplara er særs verdfulle og ettertrakta. Det gildaste av dei, med både innbinding og kolorering i original stand, vart i 2020 kjøpt av ein norsk samlar og har sidan vore deponert i samlinga til Oslo Katedralskole.
Noreg på kartet
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.