Bok
Ein opplyst og rettskaffen mann
Renberg skriv entusiastisk om Christian Thomasius – ein mann som fortener merksemd.
Forfattar Tore Renberg.
Mykje vert hugsa av det som helst skulle ha gått i gløymeboka, medan mangt ein skulle ha hugsa, vert sletta frå det kollektive minnet. Då er det godt at somme tek på seg å friska opp minnet om det gode, og det er just kva Tore Renberg har gjort i essayet sitt om tyskaren Christian Thomasius (1655–1728).
1600-talet var ei uroleg tid på mange måtar, men etter religionskrigane kom opplysningstida, då somme tapre personar drista seg til å stilla spørsmål ved både religiøse og verdslege dogme, og Renberg syner oss at Thomasius var ein av desse.
Han var mellom anna driven av sterk indignasjon mot fenomen som hekseprosessar og tortur, og synte seg som ein framsynt humanist i dei imponerande mange skriftene sine. Metoden hans var, både diverre og heldigvis, ofte satiriske skrifter, diverre av di det ikkje er så effektivt å få andre til å endra tankesett ved å hengja dei ut, men også heldigvis, sidan det vert underhaldande lesnad både for samtida og for ettertida.
Med skriftene sine gjekk Thomasius imot dei vedtekne sanningane, og det i ei tid då dette var farleg, til dels livsfarleg. Det farlege i kampen for toleranse og trusfridom er ikkje trugsmålet mot trua eller det sosiale systemet i seg sjølv, men mot autoriteten til dei som har makt i kraft av religionen og lovene. På den tida då Thomasius var aktiv, hadde tradisjonen og hierarkiet skaffa seg status som noko sjølvsagt, men Thomasius synte den lesekunnige verda at det fastsette regelverket ikkje stod seg mot fornuft og logikk.
Sjølv om det altså var risikabelt for slike som Christian Thomasius å konfrontera makta, slik Renberg poengterer, var det noko i tida som gjorde det mogleg. Den intellektuelle tilnærminga til forståinga av den fysiske verda og dei sosiale strukturane kom på ein måte på moten, og opplysningstida tvinga seg fram. Men det inneber ikkje at sanninga alltid vinn fram, eller at ho held fram med å vinna.
På 1940-talet skreiv den tyske presten, filosofen og antinazisten Dietrich Bonhoeffer eit brev som eigentleg er eit essay, om slik dumskap (Dummheit) som ikkje er ein intellektuell svikt, men derimot ein moralsk, og brevet kan stå som ein tindrande klår diagnose av den desinformasjonens tidsalder me lever i nett no.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.