Bok

Ein utsett og sansande natur

Silje Linge Haaland skriv varsame, tenkjande og overtydande dikt.

Silje Linge Haaland er biletkunstar og poet.
Silje Linge Haaland er biletkunstar og poet.
Publisert Sist oppdatert

Silje Linge Haaland debuterte med diktboka Desperasjonsanimasjon i 2021. Haaland er både poet og kunstnar og arbeider komplementært med desse to estetiske verksemdene. Den løseste delen av verden har såleis også hatt ei forgreining i ei kunstutstilling, i eit videoskulpturverk, på Munchmuseet i 2022. Men det er likevel viktig å streke under at Den løseste delen av verden heilt og halde er ei diktbok som står utmerkt godt på eigne bein.

Visuelt

Synssansen og det visuelle, som biletkunsten appellerer til, er likevel tydeleg representert i dikta. Blikk- og synsmetaforar, speglingar og refleksjonar finn ein spreidd utover sidene i denne diktboka, som dyrkar og forfinar det konsentrerte lyriske uttrykket: «havet/ legger seg på magen// stirrer opp// gjennom bunnene sine». Som ein legg merke til her, er ikkje Haaland redd for å besjele og levandegjere naturen, men likevel skjer det i form av bilete som bevarer naturen som noko anna enn underlagd mennesket.

Havet i sitatet går ikkje opp i ein tradisjonell menneskelogikk. Det menneskelege synet er også avgrensa, sjølv om det må seiast å ha eit velutvikla auge for alt det kan ha herredøme over, og oftast som stivna og døyande natur: «en rad av nerver/ lyser/ med de visne nervene». Samstundes har eget i desse dikta medvit om at det sjølv er natur: «øynene mine / lukker seg / mot vannet i meg».

Naturlyrisk

Hos Haaland finst altså ein sterk naturlyrisk impuls. Her blir ikkje natur forstått som bilete på ein psykologisk tilstand, meir som ei eksistensiell grense for mennesket, noko som også eksisterer i og for seg sjølv. Naturen er utsett, sanseleg og sjølv sansande, slik naturen kan framstillast i økopoetisk litteratur. Men Haaland følgjer ikkje noko førehandsbestemt program, dikta sjølv tenkjer og sansar, grip og held.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement