Bok
Einsemd og lengt
Erik Varden står i ein levande dialog med den katolske tradisjonen.
Den tyske teologen Karl Rahner vart på 1960-talet spurd om han trudde det ville finnast kristne i Europa i det 21. hundreåret. Ja, svara han, men dei vil vera mystikarar. Ein stad i Østfold sat ein gut ved middagsbordet og høyrde faren, som var dyrlækjar, fortelja om ein bonde som hadde kasta skjorta i sommarvarmen, og den nakne ryggen fortalde om pisking og tortur i ein tysk fangeleir. Det var eit bilete som skaka guten, som deretter, lesehest som han var, las alt han kom over om krigen, og tenkte mykje på døden. Før han skjøna sjølve ordet, var han «trett av overfladiskhet».
Heimen var agnostisk, guten døypt og konfirmert, men utan tru. «Troens ambassadører» hadde ikkje gjort noko inntrykk på han. Som 15-åring høyrde han Mahlers 2. symfoni, «Oppstodesymfonien», og skjøna den tyske teksten i songen. Då slo trua inn i han: «Jeg visste at det var sant.» Vegen vidare gjekk til Den katolske kyrkja: «Jeg hadde oppdaget et rom som omfavnet motsigelsene i meg uten å gå på akkord med sannheten.»
Munk og seinare biskop
Guten, som heiter Erik Varden (f. 1974), vart munk og har i fleire år vore abbed i eit engelsk trappistkloster – heilt til pave Frans utnemnde han til biskop i Trondheim i 2019. I 2018 gav han på engelsk ut boka The Shattering of Loneliness, som alt er komen i fleire opplag og er omsett til sju språk, mellom anna tysk og fransk. Boka er nett komen ut i norsk omsetjing under tittelen Lengsel er mitt vesen. Om ensomhet og kristen erindring. Ho handlar om hans eiga åndelege reise, med ei vegvisarhand til dei som vil fylgja på ferda.
Ei bok eg las som ung, og som har fylgt meg heile livet, er skriven av den franske benediktinarmunken Jean Leclercq: L’amour des lettres et le désir de Dieu – «Kjærleiken til litteraturen og lengten etter Gud». Slik var det monastiske idealet, og i denne kjærleiken var det til dømes at islandske munkar sat og skreiv av heile sagalitteraturen i mellomalderen. Denne munkekjærleiken til litteraturen berga heile Europas litterære arv, også den heidenske. Den latinske poesien hadde høg status. Dei fann spor – eller «såkorn» – av Logos også hjå diktarar som levde før Kristus. Det same gjer Varden hjå diktarar frå alle tider; han elskar «disse blinde seende som ikke kjenner hemmeligheten de intuitivt berører, men kan ha mye å lære oss som hevder å kjenne, men ofte mislykkes med å se».
Levande dialog
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.