Bok

Eit folk i verda

Samenes historie fram til 1750 er ei velskriven og lærerik innføring i samisk historie.

Ein av amtmann Hans Lilienskiolds akvarellar frå ca. 1700.
Ein av amtmann Hans Lilienskiolds akvarellar frå ca. 1700. Ein av amtmann Hans Lilienskiolds akvarellar frå ca. 1700.
Publisert

Sakprosa

Det akademiske studiet av samisk språk og kultur er gamalt. Dei første etnografiske skildringane er frå 1600-talet, og på same tid vart dei første bøkene trykte på samisk, til bruk for misjonen.

Samisk historie er derimot eit nytt fagfelt. Lenge vart samane rekna som ein rest av ein primitiv kultur som hadde overlevd isolert og uendra frå urgamal tid. Det innebar til dømes at når samane i historisk tid ikkje dreiv med helleristningar, kunne forhistoriske helleristningar heller ikkje vere laga av samar. Samane var utan evne til omstilling og framsteg, og difor eit folk utan historie.

Sidan 1970-åra har forskinga gjeve eit heilt anna bilete. Bakgrunnen for at samisk historie vart eit forskingsfelt, var både politisk og akademisk, men også institusjonell: Opprettinga av universiteta i Umeå, Tromsø og Rovaniemi skapte fagmiljø som retta interessa mot sine eigne nærområde og bidrog til utviklinga av samisk arkeologi.

Samenes historie fram til 1750 vart først publisert i 2004 og er no komen i ny og oppdatert utgåve. Ein merkar at forfattarane kjenner stoffet, for framstillinga er klår, presis og tillitvekkande. Boka syner dei faglege diskusjonane og lèt andre forskarar kome til orde, men utan å miste framdrifta i forteljinga. Illustrasjonane er gode, med mange kart som er laga spesielt for boka. Dette er ei bok for alle historieinteresserte.

Kven var først?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement