Bok
Eit forsvar for staten
Staten kan vere ein viktig medspelar for å styrka liberalismen, meiner Fukuyama.
Francis Fukuyama er professor ved Institut for internasjonale studium ved Stanford-universitetet.
Foto: Dreyer
«Behovet for klassisk liberalisme har aldri vært så stort som i dag, fordi USA (så vel som andre liberale demokratier) er mer mangfoldig enn noen gang.» Det skriv den amerikanske statsvitaren Francis Fukuyama i boka Liberalism and its Discontents, som no er omsett til norsk.
Boka er kort og velskriven, og særs aktuell i ei tid då stadig fleire land går tilbake i demokratisk utvikling, og liberale internasjonale institusjonar mistar legitimitet til fordel for ein langt meir maktbasert relasjon mellom verdas statar.
Ljos i mørket
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.