Film
Eit hundeliv i helvete
Dogman målar eit mørkt bilete av Sør-Italia ved hjelp av overtydelege metaforar.
Marcello (Marcello Fonte) driv ein hundesalong med annan business på si.
Foto: Tour de Force
Den vesle mannen blir kasta til hundane. Dogman er eit lågmælt krimdrama som ikkje skyggar unna den sosialrealistiske parabelen som tittelen alluderer. Den seinaste filmen til Matteo Garrone (Gomorrah) er lagd til eit karrig og sosialt utarma Sør-Italia.
I ein liten landsby driv spedbygde Marcello (Fonte) ein pussig hundesalong. Kontrasten er stor til den andre delen av verksemda. Innimellom stell og vask av hundar, langar Marcello narkotika. Det har ført han i eit lagnadsfellesskap med narkomane Simone (Pesce), ein uføreseieleg og farleg muskelbunt omtalt av lokalbefolkninga som ein «galen hund».
Det er nok hundemetaforar i Dogman, nokre av dei overtydelege. Det er til dømes tydeleg at styrketilhøvet mellom Marcello og Simone har ein autoritær–underdanig dimensjon, men kven lograr med halen og lyder ordre blindt? Marcello lurer seg sjølv til å tru at han kan kontrollere Simone, av di det er han som har «godbitane». Men filmen tar ei dramatisk vending då Simone gjer eit lovbrot som får enorme konsekvensar for Marcello.
Kvifor Marcello handlar som han gjer i det påfølgjande etterspelet, held fram med å vere eit psykologisk mysterium. Men så har kan hende filmskaparen Garrone ein historisk baktanke med denne analogien: fascismen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.