Eit innhaldsrikt liv
Skipper Peter Dahl tente seg eventyrleg rik på få år. Så skulle rikdomen omsetjast til kulturell kapital.
Handelsstasjonen Frederiksnagore (Serampore), måla av koloniguvernør Peter Anker i 1790.Handelsstasjonen Frederiksnagore (Serampore), måla av koloniguvernør Peter Anker i 1790.
Sakprosa
Peter Dahl (1747–89) er eit gløymt namn i noregshistoria, unnateke i Grimstad, der den Dahlske skole, i dag Dahlske videregående skole, vart oppretta med pengar frå Dahls testament. I noregshistoria i snever forstand spelte han heller ikkje noka rolle: Heile sitt vaksne liv var han skipperborgar i København, og pengane tente han på handelen med Asia og Amerika. Etterpå drog han på danningsreise i Europa. Det var, som boktittelen seier, eit «globalt liv».
Kolonihandel
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.