Bok
Eit kvardagsdrama
Øyvind Rimbereid gjev nytt liv til den topografiske skrifta.
Øyvind Rimbereid har fått ei rekkje prisar for forfattarskapen sin.
Foto: Nikita Solenov
Øyvind Rimbereid er ei særmerkt røyst i norsk litteratur. Han er noko heilt for seg sjølv, ei svart svane.
Alt etter å ha lese eit par liner vert ein var at dette er Øyvind Rimbereid og ingen annan, og fleire av diktbøkene er skrivne på sjølvmedviten stavangerdialekt.
Slik er det òg med årets samling, Hvorfor hjerte nummer to. Sjå berre på opningsdiktet: «Nå som det igjen e kveld,/ klyppe eg med sakså mi i sløret framfor meg,/ så bler det igjen ein liden gløtt.» Tittelen vekkjer minne om den mykje omtala essaysamlinga Hvorfor ensomt leve (2006), og sjølv titlane er særmerkte hjå diktaren, kanskje av di det er noko gamalt høgtideleg over dei.
Substansfylt
Det er ei omfattande bok han har skrive, med mange substansfylte, ekspansive dikt. Etter Stein Mehren er Øyvind Rimbereid lyrikaren som verkeleg meistrar langdiktet, og det kjennest frigjerande i eit land der gjerne det korte, lyriske dikt vert dyrka.
Diktverket samlar seg rundt den unge guten Jim, og mora og tanta, og sjølvsagt ei ung jente, Thea. Tilhøvet til Thea utviklar seg etter kvart til ei kjærleikshistorie, eit dikt i diktet. Vi møter eit inntrykksvart gutesinn, som undrar seg over så mykje rart, og som famlar seg fram i tilværet: «Så komme regnet, igjen./ Og når regnet komme,/ bler alt på ein måde någet aent,/ trer, gadehjørnene, dørene». For tenkinga byrjar gjerne med undringa, og unge Jim er ein tenkjar i emning: «E det derfor folk har gjerder?/ For at ting ikkje ska forsvinna?/ Ting som bare står der eller som ligge slengt,/ et skrujern, ein tennisball.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.