Eit megalomant prosjektAmbisjonen om å gi eit bilete av Amalie Skrams tid trugar nesten med å kvele portrettet av forfattaren sjølv.

Ambisjonen om å gi eit bilete av Amalie Skrams tid trugar nesten med å kvele portrettet av forfattaren sjølv.

Publisert

Det er eit ambisiøst og omfattande verk Merete Morken Andersen, skjønnlitterær forfattar og førsteamanuensis i faglitterær skriving, har gitt oss med Blodet i årene. Amalie Skram og hennes tid. En biografisk collage. For i andre halvdel av 1800-talet skjedde det mykje: gjennomslag for Darwins, Nietzsches og Freuds nye menneskebilete, det moderne gjennombrotet i den skandinaviske litteraturen og nye, ikkje-naturalistiske straumar i målarkunsten. Blant anna. Og Andersen vil ha det meste med.

Brotstykke

Slik blir brotstykke av Amalie Skrams liv, brev og forfattarskap blanda med biografiske og litterære utdrag og parafrasar frå ei rekkje andre samtidige forfattarar og kunstnarar av ulike kaliber, dei fleste definerte som bohemar, til dømes Victoria Benedictsson, Georg Brandes, Sigmund Freud, Arne Garborg, Paul Gauguin, Henrik Ibsen, Drude Krog Janson, Hans Jæger, Oda Krohg, Edvard Munch, Friedrich Nietzsche, Knut Pedersen (Hamsun), August Strindberg og Henri de Toulouse-Lautrec. Tanken er å bruke Amalie Skram «som prisme for å få øye på en hel tidsånd» ved å nærme seg henne frå fleire kantar. Andersen har vilja skrive ein slags «virvel der de samme personene og hendelsene dukker opp igjen på ulike vis, slik de har en tendens til å gjøre det i livet», seier ho innleiingsvis. Slik skal Amalie Skram trø fram for lesarane. Likevel følgjer hovudkapitla ein slags overordna kronologi, med «Slekt», «Kjærlighet», «Galskap» og «Død» etter det innleiande «Frihet».

Resultatet er blitt ei bok som det er vanskeleg å plassere som biografi, om ein skal sjå til gjengs praksis for sjangeren. «Liv og tid» er rett nok den kanskje vanlegaste biografitypen, men forfattarane vil då gjerne freiste å argumentere for visse samband mellom rørsler og tilhøve i tida og den biograferte personen. Her er metoden – som undertittelen seier – ein collage, inspirert av målarkunsten. I collagen blir ulike bilete og tekstar klistra opp ved sida av kvarandre på eit lerret, medan det blir overlate til ho eller han som ser det, å finne meining i det. Slik fungerer denne boka òg: Lesaren får lita hjelp.

Irrelevant

Mykje verkar irrelevant for Amalie Skrams biografi, sjølv om det kan vere interessant å lese om Paul Gauguins kjærleiksliv på Tahiti, det kompliserte erotiske tilhøvet mellom Oda Krogh, Christian Krohg og Hans Jæger, eller Vincent van Goghs og Victoria Benedictssons sjølvmord. Mange av desse personane var heilt perifere i livet til Amalie Skram. Og noko – til dømes stoffet om Freud – blir for elementært. Det verkar òg som om Andersen sjølv er usikker på denne metoden, når ho i føreordet (brev til lesarane) foreslår at dei gjerne må lese litt her og der. «Noen ganger vil en rett og slett ha litt fortelling.» Men dermed går vel prismebiletet i oppløysing?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement