Bok
Eit minnesmerke over dei gamle mødrene
Helge Torvund tek oss med attende til tida «før det vart for mykje av alt», og spelar fram eit hjartevarmt bilete av mor si, Inger Torvund.
Helge Torvund har skrive bok til mor si.
Foto: Lise Åserud / NTB
«Vel, mor, dette hadde me aldri sett for oss kunne skje. Her sit eg heilt aleine inne i skobutikken. Her er ingen andre kundar, og eg sit her med ein kald, skummande halvliter godt, lokalt øl framfor meg. Eg ser utover torget og tenkjer på kor underleg det kan gå til i denne verda.»
Det er den heimkomne poeten Helge Torvund som sit på pub på Nærbø, i eit lokale der gamle Gunhild Øvestad dreiv skobutikk i vår felles ungdom. Eg er to år eldre enn poeten, frå same himmelstrok og kommune, og eg deler heilt den undringa som kjem til uttrykk ved ølglaset, og som han deler med mora – ho døydde for over førti år sidan.
Ei gåve til nynorsken
Til mor heiter boka han no har skrive om henne, formelt på prosa, men hjå Torvund vert også prosaen oftast poesi. Han er ein ekte diktar, ei gåve til nynorsken. Kvar setning er laga frå botnen av, kvart ord dirrar – oftast lågmælt og audmjukt – frå ein usynleg streng, der ingen falske tonar kling, ingen som ikkje er i samklang med hans skarpsynte og kjenslevare diktarsjel.
Han tek oss med attende til tida «før det vart for mykje av alt», og spelar fram eit hjartevarmt bilete av mora, Inger Torvund, som døydde 61 år gamal i 1979, då diktaren var berre 28 år. Ho var mor til fire søner, frå ei tid då me tykte om norske namn: Olav, Gunnar, Helge og Kjell, som alle var «hamslege» i kleda og skikka seg vel.
Me er vel den siste generasjonen der alle hadde slike mødrer, som «mata oss og kledde oss og heldt om oss/ Reiste oss opp når me fall/ Las for oss og fortalde eventyr til hjarta vårt/ slik at me skulle halda ut/ mørkna i skogen og elva som fløymde over om hausten/ Sovna sjølv over halvferdig handarbeid/ Nålauga nattlukka av trøyttleik/ Snubla i seng halvt inne i draumeland/ Fylte av kvardagskjærleiken sitt slit og si glede».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.