Bok
Eit solid stykke arbeid
Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.
Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.
Foto: Monika Holand Bøe
Eg tenkte først eg skulle innleie denne bokmeldinga med ingressen «Den som ventar på noko godt, ventar kanskje forgjeves». Men så slo det meg at nokon kunne tru eg meinte sjølve romanen til Gaute Heivoll. Eg meinte å sikte til handlinga, men det kunne eg ikkje ta sjansen på var opplagt.
Sidan debuten i 2002 har Gaute Heivoll gitt ut ei lang rekke romanar, noveller og barnebøker. Ofte, men ikkje alltid, har han lagt det litterære landskapet tett opp til sitt eige Finsland i Vest-Agder. Bygdelivet på Sørlandet kling også i årets roman, Min tid i disse skogene.
Saliggjerande venting?
Vi følger hovudpersonen Johannes frå 1932 til 1974. Han er odelsgut på ein gard, men seier som ein annan Tarjei Vesaas frå seg garden, etterlèt han til den yngre broren og kjøper seg ein gard ikkje så langt unna. Dette har å gjere med den gåtefulle kona Ingeborg, som plutseleg finn ut at ho ikkje kan bu på familiegarden hans lenger. Han får aldri noka forklaring på dette, han veit berre at han vil følge henne i tjukt og tynt, så då får dei heller flytte.
Gåtefull er kanskje ikkje ordet; nokre vil kalle henne klin kokos. Andre vil seie at ho ligg under for sterke psykiske lidingar. Ho legg stadig ut på vandringar nattetid utan å seie kvar ho har vore, og ho har periodar då ho er både utilrekneleg og valdeleg. Johannes sjølv finn seg i det, og ventar. «Han levde et liv ingen kunne leve. Likevel fortsatte han. Det var dette han kunne. Det gjaldt å vente, slik han alltid hadde gjort. Vente på våren. Vente på regnet. Vente på snøen. Vente på de gode dagene som kanskje kunne komme tilbake.»
Johannes skal gjennom mange prøvingar. Dei flyttar fleire gongar, Ingeborg går i lås, men han konstaterer om og om igjen at ei omstilling han trudde skulle vere umogleg, viser seg å vere «enkel». Det er berre å fortsette rett fram, så blir alt bra til slutt. Vel, blir det det?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.