Film

Eit vittig, lite Marvel-sidespor

Årets sommarfilm frå Marvel-universet handlar om krymping og ei popkulturell forståing av kvantemekanikk.

Sommarens Marvel-film er ein enkel, men underhaldande blockbuster.
Sommarens Marvel-film er ein enkel, men underhaldande blockbuster.
Publisert

Ant-Man and the Wasp føyer seg fint inn i rekka av likande Marvel-filmar. Handlinga går føre seg i rakettempo, då heltane våre som alltid kjempar mot klokka. Filmen har humor og sjarm, karakterar med personlegdom som vi likevel aldri blir heilt emosjonelt investerte i, og – den stadige kjepphesten min med Marvel-serien – filmspråket er flatt og fantasilaust, det vil seie at ting blir uttrykt altfor mykje gjennom ord og tale, framfor at ein viser det gjennom action og dramaturgiske konsekvensar fortalt i bilete.

Sidan førre film, Ant-Man (2015) har Scott «Ant-Man» Lang (Rudd) sete i husarrest. Han måtte rett nok ut og hjelpe Captain America med å redde verda i Captain America: Civil War (2016), men ikkje utan konsekvensar. Han stal den krympande drakta til den motviljuge mentoren og vitskapsmannen Hank Pym (Douglas), og han drog utan partnaren Hope «the Wasp» van Dyne (Lilly).

Tre dagar før han vert ein fri mann, skjer det derimot ting. Lang har ein særs levande draum om kona til Pym og mor til Hope – Janet (Michelle Pfeiffer). Under eit superheltoppdrag for 30 år sidan måtte ho krympe seg så mykje at ho «for alltid» vart fanga i det mikroskopiske kvanterommet. Men no har Pym funne ein veg inn i kvanterommet for å hente ut kona, som – viser deg seg – «snakkar» gjennom Lang.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement