Bok
Ekte eksotisk
Alf van der Hagen har skrive eit levande Brøgger-portrett.
Suzanne Brøgger seier at boka til Alf van der Hagen er det næraste ho kjem til å kome ein sjølvbiografi
Foto: Danske Gyldendal
Lytt til artikkelen:
Det året Suzanne Brøgger fylte 35 år, heldt ho eit «blått ball» i den gamle skulen i landsbyen Løve på Sjælland, der ho stadig bur. Blant dei 200 inviterte kulturpersonane frå Danmark og utlandet var òg ein ven av meg. Han gløymde aldrig festens clou, den augneblikken fødselsdagsbarnet, relativt lettkledt, steig opp av ei diger blautkake, og, trur eg, gav seg til å danse.
Dette ballet er eitt av mange minne Suzanne Brøgger fortel om i boka Alf van der Hagen nyleg har gjeve ut, Suzanne Brøgger. Samtalememoarer. Med dette blautkakestuntet omkring halvveges i livet, etter tre oppsiktsvekkjande bøker, kan ein vel seie at Suzanne Brøgger spikra fast det biletet mange hadde av henne til då, som ei sexy, frigjord kvinne med mange elskarar, ei som ikkje lét seg binde av konvensjonar, men tvert om gjorde eit frekt opprør. Slik såg òg vi unge feministar på henne i syttiåra, då vi slukte dei første bøkene hennar, Fri os fra kærligheden (1973, på norsk 1975), Kærlighedens veje & vildveje (1975, på norsk 1976) og Creme fraîche. En føljeton (1978, på norsk same år). Her var noko nytt og revolusjonerande.
Eksistensiell krise
Sidan datt eg og mange med meg litt av lasset. Årsaka kan ha vore at dei neste bøkene hennar var mindre provoserande og eggjande, meir jordnære, meir søkjande. Med det blåe ballet ville ho eigentleg ta avskil med sitt tidlegare utagerande, eksponerte liv. Ho var i ei slags eksistensiell krise, måtte få eit anna liv, utan heilt å vite kva, og kasta seg ut i ulike religiøse og mystiske tankeretningar, fortel ho Alf van der Hagen.
Bøkene hennar vart likevel omsette nokså regelbunde til norsk fram til byrjinga av 1990-åra, deretter meir tilfeldig. Eit bestillingsverk, ei slags reisebok frå Noreg, Norsk omelet. Epistler & notater (2018, på norsk same år som Omelette norvégienne) var kanskje eit framstøyt for å auke interessa for henne her heime, men ho lukkast ikkje heilt. Som ein meldar skreiv: Boka er ikkje så mykje ei bok om Noreg som ei bok om Suzanne Brøgger sjølv, ein slags selfie.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.