Bok
Elegi over avliden far
Arbeidet med biografien blir ei slags dagbok der Hilde Hagerup registrerer sorg og saknad undervegs, og ser også sitt eige liv i eit slags tids- og dødsperspektiv.
Hilde Hagerup har skrive bok om faren Klaus.Hilde Hagerup har skrive bok om faren Klaus.
Foto: Niklas LelloFoto: Niklas Lello
Biografi
På omslaget til biografien Hilde Hagerup har skrive om faren, lyrikaren, skodespelaren, dramatikaren og barnebokforfattaren Klaus Hagerup (1946–2018), ser vi ein ung far i «samtale» med ein jentebaby (ho har rosa klede) han held på fanget. På TV-apparatet i bakgrunnen stirer ei byste av Lenin på dei. Slik forstår lesaren at boka skal handle om det nære tilhøvet mellom ein far og dotter hans, men også om hans eller deira tilhøve til marxismen.
Det gjer ho òg. Men boka handlar like mykje om leik, spel, teater, burlesk humor, tøys og tull. Tittelen Like fint å jobbe som å danse er litt misvisande. Han er henta frå «Ellinors vise», sluttsongen Klaus Hagerup skreiv til teaterstykket Dikt å førbainna løgn (1976), og er ei hyllest til arbeidsfolk. Men Hilde Hagerup er meir oppteken av den leikande faren, slik han viser seg i heimen og i ungdomsromanane sine. Tilhøvet mellom far og dotter er likevel det viktigaste.
Bakgrunn
Etter gravferda hans i januar 2019 bestemmer Hilde Hagerup seg for å prøve å rekonstruere historia hans, «slik han fortalte meg den, slik han skrev den, slik jeg husker den». Ho har hatt mange kjelder: bøkene hans, brev, foto, avisintervju, samtalar med folk som kjende han, TV-opptak og så bortetter. Slik kan ho følgje livet hans.
Først oppveksten i Oslo med foreldra, det kjende diktarparet Inger og Anders Hagerup, og det radikale ungdomsmiljøet på gymnaset. Han sat i det første sentralstyret for Sosialistisk Ungdomsforbund (SUF), som seinare blei Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistene), AKP (m-l). Som vaksen utdanna han seg til skodespelar, først i England og seinare ved Statens teaterskole i Oslo. Denne blandinga av politisk aktivisme og kunnskap om dramatikk og teater førte til at han var blant dei som starta Hålogaland Teater i Tromsø i 1971. Han verka ved teateret der fram til 1977 og flytta deretter til Fredrikstad med familien. Sidan arbeidde han i NRK som husdramatikar og etablerte seg som forfattar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.