Bok

Eminent ekspedert

Larssens universelle roman skriv seg opp under himmelkvelvinga.

Vetle Lid Larsen er ein prislønt journalist og forfattar.
Vetle Lid Larsen er ein prislønt journalist og forfattar.
Publisert

Når eg les Vetle Lid Larssens De stjernekyndige, tenker eg på noko eg las ein gong, om ein familie som skulle på julebesøk til Bjørnsons på Kvikne. Dei kom i november og drog i februar. Det var tidsrommet for eit julebesøk i gamle dagar.

I den tida Larssens roman utspelar seg, tok ting endå lengre tid. Eit knippe forskarar frå Austerrike, Ungarn og Noreg drar til Vardø for å observere den sjeldne Venus-passasjen i 1769 (fenomenet der Venus passerer sola). Dei skal melde tilbake til oppdragsgivarane kva avstand jorda har til sola, mellom andre forskingsoppdrag undervegs.

Det skal vise seg å ta over to år. Førebuinga tar tid, reisa tar tid, bygginga av eit observatorium tar tid. Posten kjem til Vardø ein gong i halvåret, omtrent som i dag, altså, etter kommersialiseringa av Posten.

Audmjukt i forgrunnen

Ein kan ikkje skulde Larssen for å vere ein sjølvbiografisk forfattar. Å legge den 569 sider lange romanen til ein ekspedisjon frå 1700-talet gir oss eit anna høve til å sjå på menneska, på forsking og vitskap, på konkurranse, på religion, ja, på det meste som angår oss i dag, berre sett frå nokre hundre år før – med bakteppe i ei faktisk historie.

Forfattaren sjølv held seg audmjukt i bakgrunnen, kunne ein seie, var det ikkje for at det trass alt er han som har skrive denne historia, i romanform. Språket til Larssen står der levande og lyser og dannar lesaropplevinga vår. Det er evna hans til å trekke opp dei store linjene som interesserer meg, men også rører meg. Til dette høyrer ei utruleg oversikt forfattaren har tileigna seg om fagterminologi innan skipsfart, flora og fauna, astronomi og annan vitskap. Det er svimlande kva han går rundt og kan noko om.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement