Film
Emosjonell kokkelering
Krafta frå nudelsuppa er sterkare enn familien i Ramen Shop.
Du blir svolten av å sjå filmen.Du blir svolten av å sjå filmen.
Foto: AS FidalgoFoto: AS Fidalgo
Drama
Grillspyd freser over flammane. Varm, rykande karrisaus blir helt over krabbe og fisk. Møyrt, rosa kjøt, feit ribbe og heil kvitlauk putrar i store gryter. Alt saman filma i siklande nærbilete så du nesten kjenner dufta. Ramen Shop er ein film du blir svolten av, men filmen bruker matpornoen til å fortelje ei historie om ein mann på søking etter familierøtene.
Japanske Masato (Saitoh) dreg til Singapore for å nøste opp trådane etter den avdøde mora, som forlét livet i heimlandet etter at mor hennar ikkje godkjende ekteskapet med ein japansk kokk, far til Masato. I Singapore møter Masato ein matbloggar (Matsuda) som viser han byens kulinariske sider, samtidig som han leitar etter familien.
Masatos kulinariske reise handlar om at mat er ein emosjonell ting som knyter folk saman. Fleire attendeskodande scener viser korleis Masato hugsar mora gjennom maten. Tidvis blir filmen vel sentimental, som i forteljinga om møtet mellom Masatos far og mor, ei historie om forboden kjærleik og fastfrosne konfliktlinjer mellom Singapore og Japan. Eg skjønar kvar regissør Eric Khoo vil, men dette overtydelege «sideplottet» er mest av alt ein rotete, litt unødvendig ingrediens. Ein annan matfilm, Julie & Julia, evnar å fortelje to historier samtidig, men meir ryddig og dramaturgisk interessant.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.