Musikk

Energisk med slappe innslag

Ein pansørasiatisk tidsreiseguide som gjer deg dels entusiastisk og noko desorientert.

Publisert

Naya Beat Volume 2 samlar elektronisk dansemusikk frå det indiske subkontinentet med omland og diaspora. Gildet opnar med lyden av alskens indiske musikkinstrument: tabla, sitar, syntetiske kor og Linndrum, trommemaskina Prince og dei òg brukte på 80- og 90-talet, på «My Shooting Star» av West India Company.

Kuljit Bhamras «Dholdrums» piskar opp ein to minutts trommesolo før ei tjukk og god elektronisk basstromme stemmer i i fire–fire. Då er det berre å trampe av garde medan all slags bollywoodske snuttar og lydar dansar mellom solstolane på «Love Boat» og i ein skog av segl og master på Whams luksusyacht – komplett med episk saksofonperson.

«Mantra» av Mantra set vind i segla med luftig synthbass, mjuk industriell perkusjon, miditrompet og religiøs-isk messing. Heeras «Beat the Rhythm (Check It Out)» er ein usedvanleg leiken kavalkade av austindiske klisjear og 1990-funk- og electroflosklar som ein kan more seg storleg med, inkludert synth-slapbass. Dette sporet gir seg ikkje; det narrar deg trill rundt til siste takt. Hoy!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement