Bok

Er alle gode ting tre?

Som i tresteg er det gode tilløp i romanen, men eg skjøner ikkje heilt landinga.

Ellen Mari Thelle har skrive ei rekkje bøker, mest romanar.
Ellen Mari Thelle har skrive ei rekkje bøker, mest romanar.
Publisert

Eg var nysgjerrig på denne boka. Som alle bøker frå Flamme Forlag er denne òg pent innpakka, fint designa, god å halde i, med litt friksjon i omslaget. Og som så ofte veit ein aldri heilt kva ein får når ein ser på det nøytrale omslaget. Spennande.

Når eg blar om, tar det likevel lang tid før eg kjem inn i sjølve stoffet. Eg skjøner raskt at tittelen Sanger fra trær peiker på at forteljarstemma høyrer til ulike tre som veks kring hovudpersonen Sol; kapitla heiter slikt som «Sypressen i bakhagen», «Hagtornen utenfor soveromsvinduet», «Asken bak kirken», «Lønnen i Torshovgata».

Trea er førstepersonsforteljarar og rettar seg mot eit du, som altså er Sol. Det er i seg sjølv eit fint og originalt grep, trea har òg evne til å sette seg inn i situasjonen til menneska: «Det er litt kaldt her du sitter. Gulvvarmen har du slått av nå som vinteren er på hell. Du reiser deg, setter deg i sofaen, tar et pledd over lårene.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement