Bok

Erfaringar av tap og nytt liv

Debutdikta til Anngjerd Rustand eig omhug for omverda og er skrivne med klårleik og vent, sanseleg nærvær.

Publisert Sist oppdatert

Anngjerd Rustands diktdebut, Umiskjennelig hennes, held saman tapet av ei mor med det å få eigne barn: «Få et barn og miste en mor/ det ligner nesten et rimelig bytte», heiter det, bortimot overraskande sorglaust, i opningsdiktet «Prolog».

Det lyriske eget representerer både eit barn – som dotter av ei døyande mor – og ein vaksen. Og dikta formidlar og forvaltar eigne og mora sine erfaringar og kunnskapar, sorg og tap. Overgangar og overlappingar mellom rollene er glidande: «Her sitter hun som ikke kan forskjellen/ på å bli voksen, løsrive seg og miste moren».

Paradoks

«Barnet er en del av meg/ derfor er jeg alene», skriv Rustand paradoksalt og innlysande, og med ei ufråvikeleg sorg. Dikta undrar seg over spørsmål knytte til død og omsorg – og kor fri er ein i høve til alt ein arvar av innlærte reaksjonar og biologiske eigenskapar? Familielikskap kan til dømes bety noko trygt, det skapar samanheng i livet, men det kan òg medføre at individet kjenner seg bunde og ufritt: «Jeg er i hårstråene du river ut/ Jeg er i jorda som faller mellom fingrene dine/ Jeg er i engkarse, johannesurt og sløke».

Dette doble og tvisynet skjer seg gjennom tekstane. Forteljaren vekslar mellom å vere ufri, ein av «evolusjonens/ mange arbeidere», og ein som lyttar til ein forlokkande «hvisken/ fra tusen slektsledd framover». Ho ønskjer autonomi, men er òg hemma av omsorga for mora og barna.

Når ho i eit dikt oppdagar at handskrifta hennar til forveksling liknar mora si, merkar ein korleis pronomenet jeg nesten blir ein plass som rommar begge. Handskrifta blir ei flate der dei kjem i kontakt: «Med håndskriften hennes skriver jeg:/ Jeg har lett etter deg/ Jeg vil ha deg bort og jeg vil ha deg tilbake».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement