Film
Fabelaktige Farhadi
Det er alltid grunn til å gle seg når det kjem ein ny Asghar Farhadi-film. Med En helt innfrir han endå ein gong forventningane.
Kjærastane Farkondeh og Rahim blir spela av høvesvis Seher Goldust og Amir Jadidi.
Foto: Ymer Media AS / Duchili
Rahim (Jadidi) er ute på permisjon frå gjeldsfengselet då kjærasten, Farkondeh (Goldust), finn ei veske med gullmyntar. Her har han sjansen til å betala lånehai Bahram (Tanabandeh) tilbake gjelda og verta ein fri mann igjen. Men kva er prisen for fridom?
Dramatisk
Nadir og Simin – en separasjon (2011), Fortiden (2013), Salgsmannen (2016), til og med den svakaste av filmane hans, Men alle vet (2018)... Dette er berre dei mest kjende filmane til regissør Asghar Farhadi. Det eg prøver å seia, er vel at du har ein kjekk jobb framfor deg dersom du ikkje kjenner til han. Og du må gjerne starta med den nyaste filmen, for En helt har alle element som gjer at den iranske regissøren aldri vert kjedeleg, inkludert eit utruleg snedig lydspor.
Måten han kombinerer menneskelege forhold, både amorøse, mellommenneskelege og familiære, med aktuelle problemstillingar i samfunnet på, og særleg – på sitt aller beste – det iranske samfunnet, gjer han til ein filmskapar av rang.
Dramadosane kjem som perler på ei snor, noko som for denne filmmeldaren gjorde at eg sjeldan har vore meir tissetrengd på ei pressevisning – ein kan jo ikkje sjå vekk eit augeblikk, i frykt for å gå glipp av noko. Handlinga er framoverlent utan å verta hektisk og tilbakelent utan å dvela unødvendig.
Delt helt
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.