Bok
Fadesar og fasadar
Roboten blir til mens vi ror.
Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.
Foto: Lina Hindrum
Er vi i dagens teknologiske verd på veg inn i ein ny gullalder for Ibsens stykke Peer Gynt? Han som reiser kloden rundt for å finne seg sjølv, men endar med å oppdage at han heile tida har vore i hjartet til Solveig, heime?
Tanken slår meg når eg les Kjersti Halvorsens tredje roman Superbruker. Hovudpersonen Unn er på ei desperat ferd for å finne ut kva det vil seie å vere seg sjølv, men har problem med å finne kjernen i lauken.
Etiske dilemma
Unn er psykolog, men etter eit par yrkesmessige fadesar er ho omplassert til resepsjonen. Frå denne posisjonen får ho eit nytt oppdrag: å inngå i eit team av superbrukarar for den KI-genererte psykologtenesta som ber namnet Gro. Gro ser på skjermen nesten ut som eit ekte menneske, og er til for å effektivisere systemet. Viser Gro seg å fungere, kan dei få unna langt fleire pasientar, sleppe køane og frigjere midlar til andre område.
Her er duka for etiske dilemma. For det første er psykologtenesta basert på samtale mellom menneske, ikkje mellom menneske og menneskeliknande vesen. For det andre er det eit fag, og vil ein robot kunne bruke skjønn, om ein så matar all verdas faglege kompetanse inn i denne roboten? Forstår roboten kontekst?
På eit tidspunkt diskuterer to av personane korleis Gro taklar konseptet suicidalitet: Kan det vere at programmeringa gjer at Gro – snarare enn å tenke på å redde eit individ – reknar ut at i det lange løp vil alle involverte ha best av at den gjeldande personen tar livet sitt, og gir kalkulerte svar ut frå det? Her begynner det å bli verkeleg skummelt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.