Teater
Farseklassikar med raud nase
Spanskefluga morar framleis, men meir på eigenverdi enn på visuell oppdatering.
Det er ikkje naudsynt med parykkar og kostyme à la Familien Flint, skriv Bent Kvalvik.Det er ikkje naudsynt med parykkar og kostyme à la Familien Flint, skriv Bent Kvalvik.
Foto: Gisle BjørnebyFoto: Gisle Bjørneby
Oslo Nye Teater
Dei borgarlege farsane, som fekk så dugeleg fotfeste i teaterkulturen frå byrjinga av førre hundreåret, har hatt ein usvikeleg seigliva popularitet. Det er vel ikkje anna å vente enn at ein vert freista til å vri og vende litt på dei. Utfordringa er sjølvsagt, som til dømes med Den spanske flue, at eit stykke frå 1913 faktisk handlar om ei reell samtid med ditto reelle kjønnsroller og samfunnstilhøve. Det er ikkje så lett å relatere til dagen i dag, om det er det ein ynskjer.
Keisamt
Den danske regissøren Jens August Wille har valt å plassere «fluga» i eit tidlaust og miljønøytralt rom der dei fleste personane er utstafferte som outrerte klovnar eller teikneseriefigurar. Scenebiletet er eit mahogniliknande legounivers med trapper og avsatsar, der eimen av gamal tid berre vert ymta om av nokre tunge gardiner og forstørra kniplingsradar. Skodespelarane, især dei unge, markerer karakterane sine mest med fysisk slapstick. Dei gjer det veldig bra, ingen tvil om det.
Men det er faktisk her, i opninga av handlinga, at sjølve grunnlaget for farsen vantar. Her handlar det om forelsking og unge kjensler, og viss kjærleiken berre blir grimasar og saltomortalar, er det liksom ikkje noko å byggje ein intrige på. Det blir faktisk lenge heller keisamt. Forunderleg nok er det når sjølve nøkkelpersonen i stykket kjem inn, supernerden Henrik Meisel, som skal vere den mest komiske av alle, at vi får eit sjarmerande og yndig streif av romantikk. Derfrå fungerer faktisk komedien mykje betre.
Det er den populære standupkomikaren Nils Ingar Aadne som teaterdebuterer som Henrik Meisel, og han gjer det storarta, med intelligent timing og nærvær.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.