Farvel-sonate

Det er vel verdt å følgje med på Benjamin Clementine.

Benjamin Clementine stod for ei av dei mest markante plateutgjevingane i fjor haust.
Benjamin Clementine stod for ei av dei mest markante plateutgjevingane i fjor haust.
Publisert

Inspirert av Benjamin Clementine opnar vi 2018 med eit farvel. «Farewell Sonata» innleier nemleg artistens andre album I Tell a Fly, ei av fjorhaustens mest markante utgivingar, og ei det kan vere vel verdt å merkje seg idet vi tek fatt på eit nytt år.

Kanskje somme lesarar vil kjenne Clementine, som i 2015 debuterte med At Least For Now, ei plate han fekk Mercury-pris for. Det var ei bratt stigning for eit heimlaust menneske som ei god stund stort sett hadde vore å finne på metroen i Paris ­– ei forteljing media likte godt.

Konseptalbum

I Tell a Fly kom ut, kosa The Guardian-kritikar Alexis Petridis seg med sarkastisk å fantasere rundt tanken på augneblunken då Clementine presenterte oppfølgjarplata si for plateselskapet. Dei hadde nok håpa på radiovenleg materiale, og fekk eit konseptalbum om to fluger som forelska seg i kvarandre, om geopolitisk strid og flyktningkrise.

Musikalsk sett er plata uredd og eksentrisk, med impulsar frå den melodiøse, forsonande delen av den klassiske musikkarven, og den uhemma, avantgardistiske rocken. Litt av ein kombinasjon, med andre ord. Her og der får uregjerlege Clementine meg til å tenkje på alt frå Screaming Jay Hawkins til Nina Simone, med ein tiltrengt dæsj Ravel. Det er eit sant eventyr å lytte.

Kontrastane er altså store på I Tell a Fly, som ofte er magisk, men som også har ein tendens til å haste vidare, sprengfull som ho er av vidtfamnande impulsar. Mest av alt er likevel plata eit uttrykk for ein heilt eigen kunstnarleg visjon, og eg tek meg i å riste på hovudet over at eg rota det til slik at eg gjekk glipp av å høyre denne artisten på konsert i Bergen då han var innom.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement