Fellesskap og tap
Når ein les Folketelling, får ein ei kjensle av at det livet som blir skrive, ikkje er ferdig innskrive i manntalet, men framleis skjer i den teksten ein har framføre seg.
Markus Midré (f. 1975) debuterte som nittenåring til strålande meldingar og vart ei av dei viktigaste stemmene i norsk poesi.
Foto: Pernille Marie Walvik
Diktboka Folketelling av Markus Midré dreier seg om fellesskap og tap og den nokså umoglege freistnaden å sirkle inn ein oppvekst og eit liv. Oppveksten er knytt til Noreg på 1970- og 1980-talet. Det som er interessant å sjå i desse dikta, er at eget heile tida står fram som ein funksjon av noko større enn det sjølv: «det var ikke mitt liv som var avbildet / men livet til alle rundt meg». Minne, sansingar, omgivnader og fjerne og nære personar buset seg i dikta.
Sorg og tap
Tapsdimensjonen er høgt framme i dikta. Sorga er ikkje berre knytt til dødsfall til nære personar, det handlar også om gapet mellom «det som er gjort rede for» i form av fakta og statistikk, og det som ikkje lèt seg fange eller innordne, fordi kategoriane ikkje kan romme desse tydingane, eller det har gått tapt eller er i ferd med å forsvinne: «Skogen vokste opp mellom husene/ jeg stod igjen da// den reiste og forsvant». Heller ikkje minna maktar å halde noko heilt fast, for dei lek og er fulle av manglar. Kanskje maktar ein berre å gripe det forsvinnande i eit gyldig poetisk uttrykk? I nokre vers eit stykke ut i boka kan ein lese at «bare halvparten av det jeg sier/ har rot i virkeligheten, den andre/ halvparten trekker alt den trenger/ fra lyset og luften/ og regnvannet som damper fra trærne».
Likevel kjem ein ikkje unna koordinatane som naglar oss til tida og staden i rommet, dei tynne trådane som festar oss til røynda, samstundes som livssamanhengane også er så mykje større enn desse.
Folketelling er omfattande med sine 150 sider, og boka rører seg ledig tittellaust i brota mellom prosaiske, forteljande sekvensar og reindyrka poetiske uttrykk.
Sjangerblanding
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.