Ålandsk epos
Kvinnekamp har konservativ stil i ny filmversjon av bøkene til Anni Blomqvist.
Maja (Amanda Jansson) blir gifta vekk til Janne (Linus Troedsson) og må flytte til Åland.
Foto: Fidalgo Filmdistribusjon
Drama
Regi: Tiina Lymi
Stormskjærs Maja (Orig.tit.: Stormskärs Maja)
Med: Amanda Jansson, Linus Troedsson, Jonna Järnefelt
Kinofilm
Maja (Jansson) er annleis. Ho gler seg over skuggeleik på veggen, ordval og mykje rart. Ho trivst med mora (Järnefelt) og systera, og blir livredd då faren giftar ho vekk til Janne (Troedsson).
Han tek ho med til vêrbitne Stormskjær. Heldigvis er Janne ein grei kar som forstår fridomstrongen hennar. Men Åland midt på 1800-talet er ingen fest for ein fattig fiskarfamilie. Då Krimkrigen når Austersjøen, blir alt verre. Modige Maja blir herda.
Øy for augo
Den nye filmen til regissør Tiina Lymi er basert på ein romanserie av Anni Blomqvist som kom ut mellom 1968 og 1973. Romanane danna grunnlaget for ein fjernsynsserie frå 1975 som slo an. Dei som kjenner historia, vil sikkert følgje i fotspora til dei fire hundre tusen finnane som har sett filmen på kino.
Stormskjærs Maja har finansiering frå Viking Line og klar melding om at han er filma på Åland. Den ålandske skjergarden får flotte seg, med vakre svaberg, flora og fauna.
Både innspelingsstad, kulissar, kostyme og ikkje minst rekvisittar held høgt nivå. Foto og fargetone er meir ujamne. Stundom er bileta litt blasse. Ikkje at ein må overdrive med fargekorrigering, men eit inntrykk av litt billeg fjernsynsproduksjon snik seg på.
Framåt
Sett i høve til nordisk film- og fjernsynshistorie har dette klassiske kostymedramaet ein dose av utvandrarfilmane til Jan Troell og ei lita klype Nattseilere, men den finske filmen inneheld ikkje spor av Aki Kaurismäki.
Orkesteret er i full sving heile vegen. Alle andlet formidlar med full kraft. Dei talrike replikkane verkar pertentleg lesne frå bøkene til Blomquist. Nett det minner om gamle fordommar mot norsk film. Frampeik, draumesekvensar og tilbakeblikk er litt enkle. Meldingane er kontante.
Lymi hyllar krafta i kvinna i ei verd der dei mest kvinnefiendtlege delane av Bibelen er retningsliner. Kyrkje, folketru og fatalisme står sterkt. Havet tek. Britisk okkupasjon er brutalt. Men Maja står imot kva det må vere, og strekker seg mot likestilling.
Eposet rekk over mykje og går kvikt fram. Tida fyk. Det er naudsynt når ein nærmar seg tre timar i traust stil, trass i fjong feminisme frå pittoreske Åland.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.