Armert film
JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.
Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.
Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC
Filmfestival
Golden Apricot International Film Festival
7.–14. juli
I sommar har togturen gått frå Bergen til Jerevan i Armenia, med unnatak av to korte bussturar. Vel framme i Jerevan ventar ein av dei leiande filmfestivalane i Vest-Asia, som har namn etter dei saftige aprikosane alle støtt et her.
Festivalen flottar seg med store namn. Alexander Payne er på plass med den nyaste filmen sin, den godlynte The Holdovers. Æresgjest er Kevin Spacey, som freistar komme seg ut av bransjefryseboksen.
Nemn krigen
Den store armenske regissøren Atom Egoyan opna festivalen med sin førebels siste film, Seven Veils. Som kanadiar er han del av den armenske diasporaen på åtte millionar, mot tre i heimlandet.
Det var ei høgtidleg oppleving å sjå han presentere Ararat frå 2002, i høve 100-årsjubileet til ein annan stor eksilarmenar, songaren Charles Aznavour, som i filmen spelar ein filmskapar som skal lage film om folkemordet på armenarane i 1915.
Skodespelar Amanda Seyfried i opningsfilmen til Atom Egoyan.
Foto: Golden
I innleiinga poengterte Egoyan at armenarar no igjen må forklare noko ingen minnest, nemleg tapet av Artsakh, eller Nagorno-Karabakh, til Aserbajdsjan. Nesten alle dei godt over hundre tusen armenarane der har flykta. Med vasskrigfestival, filmfestival og god stemning på fulle restaurantar og kafear ser ein ikkje lett spora av krigen som tok slutt i oktober, men fleire dokumentarfilmar tar opp temaet.
Filmen 1489 av armenske Shoghakat Vardanyan handlar om korleis filmskaparen og foreldra hennar freistar finne broren og sonen, som forsvann under den førre krigen med Aserbajdsjan, i 2020. Biletet av opplevingane til pårørande vann hovudprisen på IDFA-festivalen i Amsterdam i vinter. Vardanyan gjer med hell det personlege universelt.
Regionen
Personlege dokumentarar pregar det regionale programmet. I Ever Since I Knew Myself utfordrar Maka Gogaladze mora i ei nydeleg fotografert skildring av georgiske barn som får strenge ordrar om hardt arbeid i musikk og dans. Libanesiske Farah Kassem har filma dei siste åra med faren, som er poet. Ho er tilbake i heimlandet etter mange år og kjeklar med faren i den tre timar lange, morosame og fine We Are Inside.
Iran stiller sterkt. Farahnaz Sharifi fortel historia til Iran frå revolusjonen i 1979 til demonstrasjonane etter drapet på Masha Amini i 2022. Dokumentaren My Stolen Planet ber blikket til kvinnene i familien. Det er kjekt og trist å sjå gamle klipp av at dei slår ut håret både bokstaveleg og biletleg. Ein frisk kandidat i regional konkurranse er Universal Language av kanadiske Matthew Rankin. Her har vi ein herleg komedie frå snødekte Winnipeg, der alle snakkar farsi.
Dokumentarfilmskapar Shoghakat Vardanyan har laga film om den 21 år gamle broren, musikaren Shoghomon, som forsvann ved frontlina i Nagorno-Karabakh-krigen i 2020.
Foto: Shoghakat Vardanyan
Historiene
Fiksjonsprogrammet er breitt, med fleire friske feministiske forteljingar. Indiske P.S. Vinothraj står bak spelefilmen The Adamant Girl, som er sterk i stil og innhald om tvangsekteskap. Elles kunne ein sjå skrekkelege og gode The Devil’s Bath av Veronika Franz og Severin Fiala frå Austerrike, vakre og vemodige Légua av Filipa Reis og João Miller Guerra frå Portugal, og ein lovande svensk spelefilmdebut i Paradise Is Burning av svenske Mika Gustafson.
Å trekke filmfolk frå heile verda til Armenia er ein strategi for å minne folk på at dei finst. Jerevan er ofte smellvakker, stundom grell, alltid fascinerande. Ein lyt rømme frå glorete kjøpesenter til det strålande vetle museet for den store armenske filmskaparen Sergej Paradzjanov, kjend for klassikaren Granateplenes farge frå 1969. Vonleg kan filmarven vere med på å verne om armenarane.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor ved Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.