Asosiale eksperiment
Ingen er snille når den galne grekaren Yorgos Lanthimos utforskar USA.
Regissør Yorgos Lanthimos har laga ein fabel i tre delar om ein mann som prøver å ta kontroll over livet sitt.
Foto: Atsushi Nishijima / Disney
Drama / Komedie
Regi: Yorgos Lanthimos
Kinds of Kindness
Med: Emma Stone, Jesse Plemons, Willem Dafoe, Hong Chau
Kinofilm
Kinds of Kindness er tre filmar på til saman to timar og førtifem minutt. Dei går overraskande kjapt. Handlinga er heilsprø. Den stjernespekka skodespelartruppen er nokolunde den same i alle.
I første kapittel bryt Robert (Plemons) med ordrane frå Raymond (Dafoe) om å køyre i hel ein mann. Raymond krev total lojalitet og vil kutte alle band. I del to rablar det sakte for Daniel (Plemons) då kona Liz (Stone) kjem att etter å ha vore sakna. I siste del leitar Emily (Stone) og Andrew (Plemons) etter ei kvinne som kan vekkje dei døde til liv igjen på oppdrag frå sektleiarane Omi (Dafoe) og Aka (Chau).
Særingen
Stjerneregissør Yorgos Lanthimos har alltid vore sær. Forteljingane hans liknar sosiale eksperiment. Med uvanlege forhold skildrar han dynamikk mellom menneske. Alt rart er skrudd til full guffe. Heldigvis held Lanthimos framleis god avstand til realismen. Kinds of Kindness er ein fabel i triptykform.
Å kalle filmen komedie er å strekke sjangeren, men eg trekker stundom på smilebandet. At den største gåva nokon kan få, er ein monter med ein smadra racket frå den aggressive tennisstjerna Joe McEnroe, er artig. Den svidde hjelmen til Ayrton Senna er meir makabert. Kinds of Kindness har meir mørke enn ljos, meir nådeløyse enn raustleik.
Fellesskapa
Alle lyt følgje prinsippa til sitt fellesskap. Fridom kan vere frykteleg. Robert tryglar til dømes om framhald som viljelaus slave. Dafoe spelar ein slags Gud av verre sort enn han gjer i Poor Things. Del to skildrar parforhold, mellom anna ved bruk av ein sprø referanse til Askepott.
I del tre snakkar dei om å drikke «Kool-Aid». Det gjev grimme assosiasjonar til Jamestown-tragedien i Guyana. Ein ser òg på tradisjonen samfunn har for å stengje ute folk som blir utsette for seksuelle overgrep. Kollektiva til Lanthimos blottlegg skuggesider frå røynda.
Utfordringar
Jesse Plemons vann pris for beste skodespelar i Cannes. Han får bryne seg på tre særs ulike roller og dimed vise den imponerande spennvidda si. Emma Stone får òg vise godt register, medan Willem Dafoe alltid har eit fascinerande særmerkt uttrykk. Hong Chau blei Oscar-nominert for både Downsizing og The Whale, og har gild intensitet. Mamoudou Athie får mykje ut av tre mindre roller med små fakter.
Innspelingsstadar, interiør og kostyme er eksemplarisk. Anthony Gasparro plar ha produksjonsdesign for Kelly Reichardt. Robbie Ryan er fast fotograf for Lanthimos, Andrea Arnold, Ken Loach og Sally Potter. Dei imponerer som vanleg. Det er godt å sjå filmteam proppa av talent få prega utradisjonelle forteljarstilar.
Ein kan grunde på Kinds of Kindness ei god stund. Den typen snillskap vi er vitne til, knyter det seg enorme atterhald til. Lanthimos kommenterer sosiale kontraktar meir som i The Lobster eller Dogtooth enn i meir kjende The Favourite og Poor Things. No studerer filmskaparen USA, anten det er materielle transaksjonar mellom menneske eller tendensen til sprø sekter. Ikkje alle ideane sit like godt. Kinds of Kindness er korkje like frisk som Dogtooth og The Lobster eller like underhaldande som Poor Things og The Favourite. Likevel er filmen god og tankevekkjande.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kinds of Kindness har meir mørke enn ljos, meir nådeløyse enn raustleik.
Fleire artiklar
Tomasz Stanko (1942–2018) i München.
Foto: Caroline Forbes / ECM Records
Stanko-kvartetten på sitt beste
September Night er eit strålande døme på inspirert samspel.
Trampolinehagefest
Eg har brote med eigne prinsipp og kjøpt ein trampoline. Kva skjedde?
Evan Boone er fødd i USA, men har budd i Noreg sidan 2016. Ho er programmerar med mastergrad i informasjonstryggleik.
Foto: Agnete Brun
Finne seg sjølv
Evan Boone lar draum og realitet flyte saman.
Cassandra Jenkins sleit seg ut på turnear i kjølvatnet av det førre albumet ho gav ut.
Foto: Pooneh Ghana
Blomar og kjæledyr
Cassandra Jenkins har laga ein verdig oppfølgjar til det kritikarroste albumet frå 2021.
Kristin Tveiten kjem frå Seljord og debuterte som romanforfattar i 2021.
Foto: Oda Berby
«Så stig da i meg, einsemd»
Kristin Tveitens soge er nesten uuthaldeleg trist og monoton.