Bygdereinsdyret
Fordommar og forelsking kranglar om plassen i Tundraens voktere.
Nils Ailu Kemi og Risten Anine Gaup spelar hovudrollene i spelefilmen til Sara Margrethe Oskal.
Foto: Norsk Filmdistribusjon
Drama
Regi: Sara Margrethe Oskal
Tundraens voktere (orig. tittel: Eallogierdu)
Med: Risten Anine Gaup, Nils Ailu Kemi, Berit Ánne Oskal Kemi
Då samiske, Oslo-baserte Lena (Gaup) kjem tilbake til bygda for å jobba med kunsten sin, møter ho ein vegg av skepsis og motvilje. Den einaste som møter ho med ope sinn, er reindrivaren Máhtte (N. Kemi). Det gjer derimot på ingen måte mater familias, Gáren (B. Kemi).
Klisjeane
Kor mange klassiske kjærleikshistorier på film kjenner du til der hovudpersonane er samiske? Ikkje mange, vil eg tru. Difor er det ein forfriskande tanke at samisk er så etablert at ein kan laga romantisk drama med berre samisktalande personar. Det er synd at mykje av det samiske kjennest påklistra – på bussen durar samisk radio, på puben blir det spela samisk teknomusikk når det ikkje er joikekonkurranse, og norsk er fråverande, utanom hos den vesle sonen Jonas Anta, som snakkar uovertydande austlandsk før han tek til morsmålet.
Skodespelet er heller ikkje overtydande, noko som kan koma av manus så vel som av dei som framfører det. Regissør og manusforfattar Sara Margrethe Oskal har tydd til vel mange klisjear, både i tematikk, i dialog og i klipp. Når Lena joikar på puben og scena blir kryssklipt med reinsdyr i snøen, vippar det over i komisk symbolikk.
«Eg set verkeleg stor pris på å sjå meir samisk i film.»
Brit Aksnes om Tundraens voktere
Búres, samisk film
Eg set verkeleg stor pris på å sjå meir samisk i film, og det er bra at alt ikkje treng det triste, dels valdelege, dels aksjonistiske bakteppet som historia automatisk inneber for det samiske folket (tenk Kautokeino-opprøret (2008), Veiviseren (1987) eller fjorårets Ellos eatnu/La elva leve). I Tundraens voktere går kritikken på haldningar og innstillingar til kva som er korrekt kutyme blant dei samiske sjølv.
Eg får inntrykk av at berre etablert handverk er innanfor, det er null rom for dei meir utfordrande bileta som Lena lagar (eigentleg laga av kunstnaren Máret Ánne Sara). Eg veit ikkje om det finst eit samisk ord for jantelov, men ho regjerer i alle fall her.
Om machokulturen og presset på tradisjonar er så framtredande som det kjem fram i filmen, er det absolutt på høg tid at ein påpeikar desse problemstillingane. Då er det synd at kjærleikshistoria verkar tynn og lite truverdig – at begge hovudpersonane er pene og attraktive, gjer ikkje at kjemien dermed automatisk er på plass. Tundraens voktere blir for mykje politikk og for lite romantikk.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.