JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Dauden er eit kjærteikn

Sakralt sorgdrama møter stemningsfull zombieapokalypse i nydeleg norsk film.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Renate Reinsve i rolla som ei mor som har mista eit barn, men får det tilbake til livet.

Foto: Einar Film / Nordisk Film

3484
20240209
3484
20240209

Drama/grøssar

Regi: Thea Hvistendahl

Håndtering av udøde

Med: Bjørn Sundqvist, Renate Reinsve, Bente Børsum, Anders Danielsen Lie
Kinofilm

Korsong rungar vakkert ut i tittelsekvensen. Det er urovekkande stille og folketomt i Oslo. Ein eldre mann (Sundqvist) kjem med mat til si nedstemte dotter (Reinsve) i ei blokk. Bilete og leiker tyder på at eit barn manglar. Gravferda nærmar seg.

I ein annan familie må David (Lie) handsame situasjonen då mora til to born hamnar i ei bilulykke. I ein tredje forteljartråd kjem ei eldre kvinne (Børsum) heim til villaen etter å ha gravlagt kona. Men så, brått, gjev eit straumbrot liv.

Toppa lag

Regissør Thea Hvistendahl hadde stor suksess med den kreative konsertdokumentarhybriden Adjø Montebello om Karpe i 2017. Alle delar trekker i rett retning i den første spelefilmen hennar, Håndtering av udøde. Ho vann juryprisen i den internasjonale konkurransen på filmfestivalen i Sundance nyss. Det er stort.

Hvistendahl har skrive manus saman med svenske John Ajvide Lindqvist, som òg har skrive boka filmen er basert på. Dei to følgjer såleis suksessoppskrifta frå filmatiseringa av ei anna bok av Lindqvist, La den rette komme inn frå 2008. Oppskrift er gjerne ikkje rett ord, for Håndtering av udøde kjennest frisk og ny.

Likevel kjenner ein igjen bruken av skrekkelement i filmar som helst høyrer til kategorien drama. Då var det vampyrtema, no er det zombiar. I båe fall er sympatien snudd, her gjeld han dei sørgjande. Vi kjem nær menneska som har kjærleik for dei udaude.

Bjørn Sundqvist har kanskje aldri vore betre. Han får mykje ut av det karakteristiske fjeset sitt utan at store fakter tek over. Renate Reinsve får vise at ho har breiare register enn den utmerkt retningslause figuren som gav ho pris i Cannes med Verdens verste menneske. Bente Børsum briljerer.

«Bjørn Sundqvist har kanskje aldri vore betre.»

Gjev heilskap

Tempoet til Hvistendahl gjev rom for å uttrykke kjensler. Kamera rører seg sakte. Innrammingane er uhyggjeleg vakre. Ljos, fargar og tekstur spelar på lag. Lekker produksjonsdesign sender tankar til svunne tiår. Alt er lekkert. Små detaljar vitnar om at vi er i notid. Stemninga er trykkande. Musikken er sparsam og sterk.

Eg blir ikkje forundra når eg ser at komponisten Peter Raeburn jobba med meisteren Mica Levi på Under the Skin. Alt gjev uro, men sorga og angsten glir ikkje over i den frykta skrekkfilmar plar spreie i salen. Dei overnaturlege elementa er meir brukte for å spegle kjenslelivet til figurane i møte med dauden. Skrekktrekka er få. Ein kvepp knapt, men ekkelt blir det.

Grøssarsjangeren og bruk av verkemiddel og motiv derifrå står sterkt om dagen. Det kryr av kunstnarisk ambisiøse filmar som appellerer meir til dei som er opptekne av nye filmuttrykk enn å følge formlar. Håndtering av udøde er eit godt døme på dette. Her heime er De uskyldige av Eskil Vogt frå 2021 del av same trenden, men Hvistendahl går lenger bort frå tradisjonelle skrekkstrukturar. Ho handterer materien meisterleg.

Dei tre forteljingane står fint til kvarandre utan å bli fletta saman. Eg likar at ho legg mykje vekt på uttrykk og stemning i lyd og bilete. Hvistendahl har raskt blitt ein tungvektar, og Håndtering av udøde er garantert ein av dei beste norske filmane i år.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis