JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Den amerikanske draumen

Lillian er den draumen alle ber på, i ein skitenfin debut frå dystre USA.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Talia Ryder spelar rolla som Lillian – eller Annabelle, som ho kallar seg.

Foto: Sean Price Williams

2938
20240531
2938
20240531

Dramakomedie

Regi: Sean Price
Williams

The Sweet East

Med: Talia Ryder, Simon Rex, Ayo Edebiri, Earl Cave
Kinofilm

Lillian (Ryder) er på klassetur til Washington D.C. det siste året på vidaregåande skule. Ingen veit kven Upton Sinclair er, eller noko anna om historia til USA. Flørt og fjas er i fokus.

På ein restaurant stormar ein væpna ung mann inn, skråsikker på at baren driv overgrep mot born i kjellaren, i tråd med populære konspirasjonsteoriar. Lillian blir med ein punkar gjennom ei skjult dør på do. Ei ferd à la Alice ned i ei rekkje kaninhol byrjar.

Slik du ser meg

Sean Price Williams er ein vidgjeten kameraperson. Han har til dømes sikra stil med schwung for Safdie-brørne i Good Time, Alex Ross Perry i Her Smell og Owen Kline i Funny Pages, for å nemne nokre få. Vi snakkar om ei legende innan uavhengig film i USA. The Sweet East er første gong han regisserer ein spelefilm sjølv, men han held framleis i kamera. Det ser vi. Stilen er smakfullt skiten og kornete, filma på 16mm.

Det kler den ruskete turen gjennom ytterkantane av USA i dag. Ingen av gruppene Lillian hamnar hjå, vil nok ta i dei andre med eldtong. Ho vitjar eit kollektiv av kunstnaraktivistar med punkrockstil, ein høgreekstrem, rasistisk akademikar, hippe afroamerikanske filmskaparar og det som verkar som ein gjeng væpna islamistar.

Alle ser ut til å sjå noko uskuldig erkeamerikansk i Lillian, eller Annabelle, som ho kallar seg i møte med rasistiske sørstatsromantikarar. Vi ser blikket deira. Talentfulle Talia Ryder glir glatt over i nye nyansar av rolla. «Du er så random», seier ein.

«Alle ser ut til å sjå noko uskuldig erkeamerikansk i Lillian.»

Håkon Tveit om The Sweet East

Ofte verkar det som om Lillian ramlar tilfeldig rundt. Det verkar som målet er å komme seg vidare, utan at vi eller ho veit heilt kor eller korfor. I innleiinga syng ho til spegelen. Gjennom reisa si spelar ho seg sjølv slik dei andre truleg vil sjå henne.

Filmminne

Når ein slår saman alle desse draumane folk har i USA, blir summen eit mareritt. Landet er splitta i ulike verdsbilete som har lite eller ingenting til felles. The Sweet East har mykje humor i seg, men heilskapen er dyster. Price Williams leikar lett og ledig med historia til landet sitt, og ein får ei klar kjensle av kulturhistorisk referanserikdom, frå Edgar Allan Poe til Pizzagate. «Det er berre ein film», får vi høyre medan flagget heng på snei.

Lillian er ikkje i noko biletleg Kansas, men neppe heller i Oz. Ho spring mellom miljø utan å freiste vere ein samlande Forrest Gump. Myten om foreinte statar er daud, men det finst framleis eit land av kunstnarisk fridom for uavhengig film. Price Williams har laga eit elegant eventyr iblanda skiten realisme.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

I ei sterk scene skildrar Marc Brew korleis mor hans måtte dusje han etter ulykka, som om han var ein liten gut igjen.

Foto: Lars Opstad / CODA Oslo International Dance Festival

ReportasjeFeature

Du trur det ikkje når du ser han, at han reiser verda rundt med dansen sin. Marc Brew sit i rullestol.

Marita Liabø

Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Grinda kjem!

I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis