Det andre blikket
Den formeltru filmen om fotografen Lee Miller gjev eit velkome blikk på krig og kjønn.
Kate Winslet spelar tittelrolla i ei sann historie om den banebrytande fotografen Lee Miller, som forlét eit glamorøst liv som modell for å dokumentera andre verdskrigen.
Foto: Filmweb.no
Drama/biografi/krigsfilm
Regi: Ellen Kuras
Lee
Med: Kate Winslet, Andy Samberg, Andrea Riseborough, Josh O’Connor, Alexander Skarsgård
Kinofilm
Før andre verdskrigen levde Lee Miller (Winslet) det glade liv som modell i Frankrike, ifølge Lee med talent for drikke, sex og foto. Då krigen tok til, melde ho seg til teneste for Vogue i London. Ikkje framom kamera, men bak.
Linsa
Til liks med mange historiske filmar brukar Lee tilbakeblikk. Lee blir intervjua av ein kar (O’Connor) i 1977. Scenene frå krigen dominerer. Reisa til Lee er lang, frå det frilynte kunstnarmiljøet til gassomnane i Birkenau. Drivet hennar blir å fanga røynda og lata folk sjå det grufulle. Stive, konservative Storbritannia og sensurstyre gjer det ikkje lett.
Filmskapar Ellen Kuras trekker fram utfordringane Lee møter nettopp fordi ho er kvinne, og korleis ho ser alle måtane kvinner blir ramma på i krig. Som her heime, med «tyskarjenter», er kjærleik for kvinner verre enn økonomisk vinning for menn. Seksuell vald i sigersrusen er standard. Om dette er eit heltedrama, er det slett ikkje blindt for skuggesidene til dei allierte vinnarane.
Når Lee ikkje får tilgang til dei same stadane som dei mannlege kollegaane får tilgang til, må ho sjå andre ting. Blikket hennar blir ekstra verdifullt. I ei scene går ho inn i eit rom av skremde kvinner og slepper laus håret for å få tillit. Det skil seg klart frå ei scene der ho skjuler håret for å snike seg inn i eit telt fullt av menn der ho nett blei nekta tilgang. Kuras viser at det er ein føremon å ha kvinner i dette yrket.
Forma
Innleiingsvis, med fantasilaus musikk og glatt romantikk med ektemannen Ronald (Skarsgård), spreier skepsisen seg i meg. Heldigvis forsvinn den klamme romantikken frå fyrste akta i bakgrunnen etter kvart. Kate Winslet ber hovudrolla med rak rygg, slik ho plar. Andrea Riseborough gjer ein solid jobb som mellomleiar og alliert i Vogue. Det same gjeld Andy Samberg som ven og kollega. Dei franske superstjernene Marion Cotillard og Noémie Merlant glimtar til i mikroroller.
Det kryr av biografiske krigsfilmar om historiske figurar. I flaumen dei siste åra kjem heldigvis nye perspektiv til, anten det er tyske gutar som ryddar miner i danske Under sanden (2015), eller vestafrikanske frontsoldatar i franske Indigènes (2006). På mange måtar er Lee endå ein vanleg film om eit uvanleg menneske. Likevel løftar filmen fram eit viktig perspektiv eg er glad for å lære om. Rørt blei eg òg. Det held.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.