Julefilmen til Charlotte Blom er litt frisk, litt traust og litt tam.
Ein førjulsdag får Vilma (Kjersti Dalseide) patologen Robert (Ole Christoffer Ertvaag) og presten Ivar (Tobias Santelmann) på døra. Dei har med seg ein dødsbodskap.
Foto: Nordisk Film Distribusjon
Drama / Komedie / Romantikk
Regi: Charlotte Blom
Tre menn til Vilma
Med: Kjersti Dalseide, Ole Christoffer Ertvaag, Tobias Santelmann, Henriette Steenstrup, Metin Niazi
Kinofilm
Vilma (Dalseide) er pianolærar på kulturskulen. Ein dag kjem presten Ivar (Santelmann) og obduksjonsteknikaren Robert (Ertvaag) på døra og seier at faren hennar er daud. Men ho har ingen far. Og mora er daud. Sidan presten er kjekk, tar ho likevel turen til kyrkja. Diverre får ho mest merksemd frå Robert, som stressar med Tourettes syndrom, og eleven Amdi (Niazi), som vil ha friare taumar.
Kontroll
Vi får effektivt hamra inn at Vilma er pertentleg. Ho følgjer metronomen slavisk og går med refleks og broddar. Kvar handling blir målt millimeterpresist med tanke på risiko. At det sit traume i den foreldrelause, er det liten tvil om. Vil ho slå ut håret?
Regissør Charlotte Blom kan komikk og drama, noko ho har vist fleire gonger før ho no har filmatisert den populære romanen til Gudrun Skretting. Debuten Staying Alive (2015) var artig og smart. Dianas bryllup (2020) hadde hjarte, men også fjas. Blom har òg regi på episodar av den fengjande første sesongen av serien Pørni.
Henriette Steenstrup spelar ei sentral rolle i både serien og Tre menn til Vilma. Ho er den skøytelause og snille kollegaen i kjend frekk stil. Kjersti Dalseide gjer ei god hovudrolle med stive kantar og auge fulle av angst og undring. Metin Niazi er ein sjarmklatt som Amdi.
Ei vond grandtante i periferien er ein klisjé. Ole Christoffer Ertvaag får boltre seg med Robert, som utviklar seg frå komisk avbrekk mot meir djupn. Samstundes glir presten Ivar motsett veg, med ein like taktfull bruk av Candy Crush som Erna Solberg.
Originale tonar på piano frå komponist Kåre Vestrheim skapar munter stemning og skil seg nok frå konvensjonane til at det kjennest friskt. Vestrheim har vunne prisar for musikk i det vittige sjiktet til både Makta og Knutsen & Ludvigsen og den fæle Rasputin.
Varme
Eg skulle gjerne ha ledd meir. Ein vits om bruk av smilefjes i meldingar til elevar treffer hjå meg. Fantasiane til Vilma om presten er slappare. Spenninga knytt til kjærleik og ei mjukare Vilma er føreseieleg fråverande.
Formålet med Tre menn til Vilma er nok mest å spreie koseleg stemning. Folk skal sleppe seg litt fri i førjulsstria. Dei skal sjå kvarandre. Der har du ein julefilm som kan slå an. Charlotte Blom er ein trygg leverandør av norsk underhaldning med brei appell.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Tre menn til Vilma
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.