Mord og andre elendige idear
På tide å leggja opp no, Woody Allen.
I Coup de Chance (Et lykketreff) er Woody Allen regisør.
Foto frå Filmweb
Komedie/drama
Regi: Woody Allen
Coup de Chance – Et lykketreff
Med: Lou de Laâge, Melvil Poupaud, Niels Schneider
Kinofilm
Livet som rik trofékone passar eigentleg Fanny (de Laâge) godt, så når den rufsete forfattarspira og tidlegare skulekameraten Alain plutseleg dukkar opp på gata i Paris, vert det full forvirring inni henne. Den tilsynelatande perfekte og inkjeanande ektemannen hennar, Jean, luktar likevel lunta og blir frå seg av fortviling over den hemmelege affæren. Heldigvis løyser pengar dei fleste problem.
What’s up?
Ja, kor skal ein byrja? Med å seia at Woody Allen ikkje burde fått ei plattform for filmane sine sidan han har eit tvilsamt rykte? Med å seia at han moglegvis er for gamal til å dra det i land med sine snart 89 år? Med å seia at han burde halda seg til det han ein gong var god på? Eigentleg kan ingen av desse utsegnene brukast, sjølv om dei kanskje kan ha påverknad på produktet, kvar på sin måte.
Det som derimot er ganske innlysande, er at han på ingen måte har laga noko nytt meisterverk – igjen. Eg byrjar synast det mest imponerande med nok ein Woody Allen-film er at han finn nokon som gidd finansiera desse uinteressante, halvkvedne, klisjéfylte filmane. Eg skal innrømma at eg ikkje har sett alle dei siste filmane hans, men eg har sett rundt førti av dei til no 57 filmane, inkludert alle frå debuten What’s Up, Tiger Lily? (1966) og fram til The Curse of the Jade Scorpion (2001), men herifrå var tolmodet i ferd med å ta slutt. Til å vera ein såpass stor Allen-fan, gidd eg altså ikkje alltid eingong sjå filmane han kjem med. Difor kan eg like godt bruka spalteplassen på å skriva om Allen-filmane generelt som på å skriva om kor middelmåtig Coup de Chance er.
Betre før
Det skjedde noko då Woody Allen fekk augo opp for Europa. Vekke frå heimebane, frå det ruskete New York, frå den tørrvittige amerikansk-jødiske bakgrunnen, så blei det berre overklasseproblematikk igjen og endelause klisjear av fransk, spansk og engelsk opphav. Eller var eigentleg dei gamle klassikarane Annie Hall (1977), Broadway Danny Rose (1984) eller til og med Harry bit for bit (1997) så mykje betre? Hundre tusen gonger ja! Det er nesten ikkje til å tru at det er same person som har skrudd saman Coup de Chance, at nokon kan skriva manuset til både Zelig (1983) og dette oppgulpet her. Når det er sagt: her er jo innslag ganske tidleg som peikar mot denne rare vrien med å rydda potensielle kjærleiksrivalar av banen som oppstår på verste vis i Coup de Chance. Mord og andre misforståelser (1989) og Manhattan mordmysteriet (1993) er likevel aldeles milevis frå, då dei er oppfinnsame, morosame, kløktige og med ei knallbra rollebesetning – alt som Coup de Chance ikkje er.
Skuldertrekk
Karakterane er så flate at ein får lyst å skrapa for å sjå om det er noko bak i det heile tatt. Konseptet ung dame/ eldre mann kjennest totalt flautt og klamt, og jazzmusikken som ein gong gav ein kontrast til handlinga, framstår no berre som insisterande, poenglaus og som ein sliten rest av meisterverka Woody Allen ein gong leverte. Eg reknar med tanken er at Coup de Chance er meint som ein kosefilm, men det er svært lite koseleg med filmen. Faktisk vil eg gå så langt som å seia at dette må vera den mest gufne og kyniske Allen-filmen eg har sett, og når hovudinntrykket trass dette er total likesæle, så vil eg som fan seia at andre fans kan spara seg kinobesøket. Men det reknar eg nesten med at dei hadde uansett.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Cissy Houston
Wikimedia Commons
Arkivet: Emily «Cissy» Houston (1933–2024)
Berlin: Med bandet kring seg står Bob Dylan ved flygelet og spelar munnspel.
Foto: Håvard Rem
Som å lesa ei bok
Dylan (83) vert eldre, men skriv og syng betre.
Teikning: May Linn Clement
«Øving er ei form for arbeid, og sanneleg heng øva etymologisk saman med latin opus (‘arbeid, verksemd’).»
Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Grinda kjem!
I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.
Filmen følgjer Lunies-familien, som har vore splitta i lang tid.
Foto: Selmer Media